Sjakk
Tre klassiske duellar
Det er mykje å tenkja på for Magnus Carlsen etter Norway Chess i Stavanger. Han kan byrja med å analysera partia.
I den sterkaste turneringa i sjakkhistoria er kvart parti verdt eit studium. Dei tre siste til Carlsen baud på tre klassiske oppgjer. Her mot Karjakin i nest siste runde. Til venstre Levon Aronjan, som vann turneringa. I den sterkaste turneringa i sjakkhistoria er kvart parti verdt eit studium. Dei tre siste til Carlsen baud på tre klassiske oppgjer. Her mot Karjakin i nest siste runde. Til venstre Levon Aronjan, som vann turneringa.
Foto: Joachim Steinbru/Norway ChessFoto: Joachim Steinbru/Norway Chess
Det er den klassiske historia om møtet mellom Garri Kasparov og 14-årige Magnus Carlsen på eit hotellrom i Oslo romjula 2004. Dei analyserer eit parti Carlsen har spela mot Aleksej Sjirov. «Han var betre enn eg trudde», seier Carlsen om Kasparov etter analysen. Kasparov inviterer Carlsen-familien til treningsleir i Moskva eit halvt år seinare. Når Carlsen forlèt den russiske hovudstaden, får han ei heimelekse for dei neste dagane: «Send meg analysar av fire av tapspartia dine. Analysér kvart parti i minst fire timar utan datamaskin.»
14-åringen orkar ikkje, og samarbeidet vert avslutta. Verdsmeister Mikhail Botvinnik, som heldt VM-tittelen i 15 år med to avbrot, spela berre eit par turneringar i året. Resten av tida skulle ein analysera og læra av feila sine.
I Stavanger, den sterkaste turneringa i sjakkhistoria, er kvart einaste parti verdt eit studium. Dei tre siste partia til Carlsen baud på tre klassiske oppgjer.
Knust av Kramnik
Den sjuande runden mot den elegante eksverdsmeisteren Vladimir Kramnik (41) var eit møte med ei forhistorie. Då Carlsen byrja trena systematisk med Kasparov i 2009, fem år etter det fyrste møtet i Oslo, arva han rivaliseringa mellom dei to russarane. Kramnik vann tittelen frå Kasparov i 2000. Kasparov kunne ikkje tilgje Kramnik, og før eit parti mellom nordmannen og den russiske sjakkaristokraten i 2010 siterte den bråkjekke unge Carlsen sjølvaste Haakon Lie: «Jeg skal knuse han som ei lus». Carlsen tapte, avslutta nok ein gong samarbeidet med Kasparov, og Kramnik hoverte: «Carlsen er min favorittklient.»
Men etter 2010 har Kramnik tapt mange gonger og aldri vunne mot Carlsen – før denne kvelden i Stavanger. Kramnik spela eit praktparti i Stavanger Konserthus. Carlsen gjekk inn i ein variant av italiensk opning som han kjende frå VM-kampen mot Karjakin. Men Kramnik kom med ein sterk ny idé og fekk initiativet. I midtspelet vart Carlsen fullstendig utkalkulert av russaren. Etter eit fyrverkeri av kreativitet frå Kramnik var sluttstillinga enkel og prosaisk:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.