Mat

Tre kjappe i julestria

Kjempereker er fine saker, men sjekk at dei er berekraftig produserte.
Kjempereker er fine saker, men sjekk at dei er berekraftig produserte.
Publisert Sist oppdatert

Det vert for mykje no før jul. Ein skal sette saman kalenderen så alle kan møtast på høveleg vis, x-ar, y-ar, z-ar og tilhøyrande born. Berre administrasjonen av jula kan for somme ta fleire veker. Hadde eg råd, skulle eg hyra ein statssekretær med McKinsey-fortid for å halde orden på det.

Ein må jo også finne på nokre idiotsikre kvite løgner for å unngå somme altfor pinsame eller slitsame arrangement.

Så er det å oppdatere seg på alle juleøl-, ribbe- og pinnekjøttestane, som på side etter side i dei fleste aviser forklarar kva for ribbe, pinnekjøt og juleøl du må halde deg unna. Sameleis med akevittane. Det kjem tre nye akevittar kvar dag no. Fråhaldsfolk må ha eit enkelt og lukkeleg liv, eller: «Livet er ikke så enkelt som avholdsfolk tror», som salige Odd Børretzen sa, om eg hugsar rett.

Eg er blant dei som tenkjer at alt klokt som er sagt, er sagt av Odd Børretzen. Og altså: Tida er knapp. Kor er den oppskrifta på risbollar som mor pleidde å lage på syttitalet? Må ein ha delfiafett, eller er smør like bra? Kven i all verda sel puffa ris no for tida? Er det mogleg å gjenskape den nostalgiske kjensla frå barndomen berre ved hjelp av dadlar, fiken, klementinar og sirupsnippar?

I slike tider er det godt å lage nokre kjappe middagar. Eg var som snarast innom kontoret til ein bladfyk her om dagen som sakna oppskrifter på mat som kan lagast – nettopp – i ein fykande fei. Eg vil sjølvsagt då nemne pasta carbonara. Det er verdas enklaste måte å få i seg altfor mange kaloriar på utan at det tek halve kvelden:

Kok opp godt salta vatn, og til to personar har du i 200 gram tagliatelle. Steik 150 gram pancetta (eller ei pakke bacon) i terningar sprøtt i ei djup steikepanne. Ta vekk feittet om det er for mykje. Rør saman to eggeplommer og eit heilt egg. Rasp 150 gram pecorino (som er det korrekte) eller parmesan eller halvparten av kvar. Bland pastaen og dei andre ingrediensane godt i panna med ein kopp av pastavatnet og rør inn egget til slutt. Kvern over godt med pepar, og simsalabim! Det har enno ikkje gått ein halvtime.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement