Træna-festivalen
Kan ein lokke folk ut til Helgelandskysten også i februar? Ja, tenkte Træna.
Alle foto: Nora Rydne
–Træna, ja, det er jo ein fin plass. Eg har høyrt at Trænafestivalen er veldig bra.
– Ja, samtykkjer eg, og svarar at eg jo er spent på korleis vinterfestivalen er.
– Vent, meiner du at du skal dit no? I februar?!
Dette er eit referat av samtalar eg har hatt med forskjellige folk rundt 20 gongar den siste månaden.
Sjølv om eg har næra ein sterk forkjærleik for nordlendingar heilt sidan den første studievenen min i Trondheim, ein bodøværing, kalla meg ei «kvalfette», har eg aldri greidd å karre meg lenger nord enn Levanger. No er det på tide.
Eg veit ikkje heilt kva eg har i vente på Træna. Det er ingen musikkfestival; ei salig blanding av foredrag, kunst, sjømat, musikk og lokalhistorie står på programmet. Ein slags presentasjon av eit lite samfunn i havgapet, ser eg føre meg. Kanskje ikkje ein strålande idé i februar, for ein dårleg kledd austlending. Men alt i Bodø mistenkjer eg at eg har enda opp på riktig stad. Eg ber om ein kaffi medan eg ventar på båten. «Nei, du kan faen ikkje få kaffi, du kan få te», får eg kontant til svar, medan nordlendingen bak baren gliser breitt og peikar meg i retning kaffikanna bak meg. Endeleg i Nord-Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.