Sjakk
Torturisten har ein plan
Verdsmeisteren er i rute med ei knapp leiing i landsbyen Wijk aan Zee, så knapp at dei tre siste rundane vert særs spanande.
No skjønar heile sjakkverda korleis torturkammeret fungerer i dei rette hendene, altså når Carlsen styrer lauparen på g2.
Foto: Lennart Ootes – Tata Steel Chess Tournament 2022
Etter å ha sikra den femte VM-tittelen i klassisk sjakk i desember 2021 trekte Magnus Carlsen (31) pusten og sa at nok var nok. Han vil ikkje spela fleire VM-kampar mot sin eigen generasjon, der han utan tvil er den beste. Skulle han leggja opp? Nei, ikkje enno. Han sette seg som mål å nå 2900 i rating.
Dei nest beste i verda drøymer om 2800 (berre Firouzja er i dag over med 2804). Det gjer at målet til Carlsen synest urealistisk. Dei andre er for dårlege, og han taper ratingpoeng for kvar einaste remis. Ein vakker dag i 2014 var 2900 ganske nær då Carlsen noterte verdsrekorden 2889, men i dag er han meir på det jamne, på klassisk Carlsen-nivå, med 2866. Vegen fram til 2900 er lang for den suverene verdseinaren.
Ideen om 2900 er likevel ikkje berre tomme ord, for Carlsen har ein plan. Han fekk ein solid opptur i 2019 etter VM-kampen mot Caruana hausten 2018. Tanken er at han no i 2022 òg skal få ein langvarig opptur. Han skal nemleg nytta alle opningsideane som han ikkje fekk vist fram mot Nepomnjasjtsjij.
Etter duellen mot Caruana i 2018 byrja Carlsen vinna spektakulært med svart. Saman med sekundantane hadde han utvikla ei ny, aggressiv siciliansk opning. I dag har motstandarane og datamaskinane funne resepten mot denne strategien, så Carlsen må freista noko nytt. Diverre er den spanske svartopninga han førebudde mot Nepomnjasjtsjij altfor solid til å gje særleg mange sigrar. Løysinga til Carlsen anno 2022 er difor å vinna alle partia med kvit.
Katalansk tortur
Simsalabim – Carlsen har byrja spela katalansk som kvit med ei kraft ein aldri har sett før:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.