Tønes med Hovland og skjeggTo fiskarsøner frå Egersund-kysten driv ein bygderevy med songar som stundom får språk- og musikkprisar og vert sungne over heile landet.
To fiskarsøner frå Egersund-kysten driv ein bygderevy med songar som stundom får språk- og musikkprisar og vert sungne over heile landet.
– På songar som «Sprø svor» og «Sånn koga eg» var Ingvar med og fekk fram galskapen. Då vert eg han med skjegget, seier Tønes.
Jau, songtekstar har aller nådigast fått innpass i den litterære verda, etterkvart med eigen Spellemann-kategori, i fjor jamvel med Nobelprisen, men éin stad går grensa – ved revytekstar. Lågast står bygderevyen. Det er ein slik eg er på veg til.
Bygda er lita og ligg så avsides at dei to revyartistane byter på å henta og levera meg på næraste jarnbanestasjon, i Egersund, tre mil frå Hauge i Dalane – Haua mellom vener – i Sokndal kommune.
«BONDE»
– No må du ikkje ha for store forventingar, seier Tønes bak rattet. Etter tjue år som album- og turnéartist har han lært seg utanåt riksveg 44 mellom Egersund og heimbygda, ja, riksvegar i heile Rogaland, slik folk som bur attmed dei same vegane har lært seg songane hans utanåt. «Bonde» (1998) har vore kåra til den fremste Rogaland-songen gjennom tidene:
Ja eg e bonde, eg e fydde oppi løo
og heila live he eg slede for føo
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.