Mat
Tomatsuppe 2.0
No byrjer tomatane å smake godt.
Det finst ei setning eg aldri har høyrt, og det er: «Nei, fy, eg likar ikkje tomatsuppe!» Tomatsuppa er kanskje den fyrste suppa vi får smake som born, det kan vere fordi den massefabrikkerte varianten frå Toro slett ikkje er så galen, om ein berre jazzar ho litt opp.
Så er det jo slik at småbarnsperioden ofte gir knapp tid til å jazze så altfor mykje med middagsmaten, men tomatsuppa har enormt potensial for den som er ferdig med barneoppsedinga og har litt ekstra god tid i helga. Difor gir eg dykk her oppskrifta på verdas beste tomatsuppe. Løyndomen er tid – og fermentering!
Aller fyrst skal du gå ut og skaffe deg ein kilo gode og modne tomatar. Når du er heime frå butikken, skal du vaske hendene dine lenge og vel. Så skyl du tomatane i kaldt vatn, deler dei opp i åtte båtar og legg dei i ein stor bolle. Strø over 20 gram havsalt (gjerne maldon) og arbeid saltet inn i tomatane til du ikkje lenger ser saltkorn. Det tar om lag to minutt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.