Reportasje

¿ Toget er slangen i paradiset

BRITISK COLUMBIA: Lokomotivet er skurken i syndefallssoga om vestleg imperialisme. Attpåtil nyttar det diesel.

I ventehallen på Pacific Central, jarnbanestasjonen i Vancouver, har me utsyn til toget, bygd i 1950-åra, heim dei neste fire døgera. Alle foto: Håvard Rem
I ventehallen på Pacific Central, jarnbanestasjonen i Vancouver, har me utsyn til toget, bygd i 1950-åra, heim dei neste fire døgera. Alle foto: Håvard Rem
Publisert

Lytt til artikkelen:

Det er folksamt i ventehallen på jarnbanestasjonen i Vancouver før avgang måndag klokka 15. Toget til Toronto går to gonger i veka. Me er eit par hundre som snart tek plass i dei ni vognene. Alt er utselt. Dei komande fire­–fem døgera er me som ein landsby på skjener.

Skam og skrekk, synd og stress

Eg finn kaffimjølk til ei australsk kvinne med dansk etternamn. Ein skotsk globetrottar har fotoutstyr som reisefylgje. Ei enkje skal vitja Montreal, heimbyen ho forlét i 1960-åra av frykt for dei franske separatistane. Ein ung kar sit med ei vassflaske og eit skilt der det ikkje står «Spander eit måltid på meg» eller «Domedag er nær», men «Har du spørsmål om klimaendringane? Eg kan gje deg svar».

Bernard er ikkje galen, men doktorgradsstipendiat ved Institutt for miljøendringar ved Universitetet i Oxford. Ikkje alle kanadiarar har vendt seg mot USA. Somme held framleis den engelske kanalen open. No i helga har han vore forlovar i eit bryllaup her i Vancouver, og han tek toget, fire døger kvar veg.

Flyskam gjeld for han. Fredag er me framme i Toronto, og han rekk dimed den store klimamarsjen der laurdag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement