To vølte hus – etter to ulike kulturar
I Vinje har dei berga to heilt ulike hus, begge med sterk symbolverdi og begge godt kjende: Vinjestoga og det karakteristiske loftet på Botn.
Vinjestoga, nyleg restaurert med nesten heilt ny vegg mot vest, nytt tak og nokre nye botnstokkar.
Alle foto: Erik Solheim
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vinjestoga på Plassen, ikkje langt frå Vinjesvingen, var i mange år prega av elde. Men det gjekk seint, og huset var i bruk. Folk fekk komme inn og høyre om den seinare så kjende Aasmund Olavsson, som vaks opp der. No er stova restaurert av Vest-Telemark museum. Ho har kanskje aldri vore i betre stand.
Huset vart bygt i 1824, seks år etter at Aasmund Olavsson Vinje kom til verda. Det vart freda av Riksantikvaren i 1923. Jorda var ein husmannsplass; Olav Aasmundson åtte ikkje jorda. Men han slapp pliktarbeid for eigaren. Huset er eit enkelt laft, ope til sperretaket og med to rom: stova med peis og ein gang utanfor. Til tunet høyrde òg eit bur som framleis står, og løe og fjøs. Dei er vekke.
Det meste av langveggen mot vest er no av nye stokkar. Endeveggene var rotna berre nede, medan den skjerma austveggen står som før. Sperrene og den eine av bjønnaryggane, åsar på kvar side til støtte under sperrene, er nye. Det enkle inventaret er for det meste som då A.O. Vinje vaks opp i lag med foreldra, ei eldre syster og ein halvbror. (Mora døydde då Aasmund var ti år, og faren gifte seg opp att.) Inne står framleis eit bord, veggfaste benker, ei seng, to kubbestolar, ein pinnestol og eldstaden, ein peis som òg er vølt. Eit nyare innslag er pulten Vinje hadde då han var skrivar i Justisdepartementet.
Freda
Vinje kommune eig stova. Dei har kosta restaureringa, medan Vest-Telemark museum har stått for arbeidet. Riksantikvaren betaler som regel for vøling av freda bygningar, men berre for dei som er i privat eige.
Det står sjeldan noko særleg til grunngjeving for dei første fredingane. Bygningshistorisk, kulturhistorisk og arkitektonisk verdi er gjennomgåande viktige moment. Og alderen. Etter dagens lov kan fredingsgrunnlaget også vere offentlege minnesmerke og historiske minne. Vi må tru at for Vinjestoga var mannen som vaks opp der, viktigare enn eigenskapane ved sjølve huset. A.O. Vinje hadde barndomen sin i materielt sett ringe kår, men litteratur og kultur stod høgt i heimen. Avstanden er enorm attende til oppveksten hans for 200 år sidan, aldeles fjern i dag. Pengenaud følgde han forresten heile livet. Han gjorde fleire forsøk på å komme seg ut av den økonomiske trengselen, men i fast stilling vart han aldri lenge. Etter eit halvt års lærarseminar i Kvitseid, med dei beste karakterane skulen nokon gong skreiv ut, var han lærar i nokre år. Han hadde tenkt å emigrere til Amerika, men fekk tilbod om eit lån til å gå Asker seminar, og slo til. Etterpå ville han bli klokkar i heimkommunen, men det heiter seg at presten ordna det slik at ein annan fekk stillinga. Vinje fór til ein lærarpost i Mandal, og han tok til å skrive i avisene. Ei stund var han til sjøs. 30 år gamal kom han inn på Heltbergs studentfabrikk i Kristiania og enda utdanninga si som jurist. I 1865 fekk han stilling som ekstraskrivar i Justisdepartementet. Etter tre år enda det med sparken på dagen fordi han hadde kritisert regjeringa.
Vinje var inne på mange vegar som kunne ført han vekk frå det store som han leverte, diktinga og journalistikken, «Ved Rondane» og Dølen. Rike og allsidige åndsevner grodde i materielt skrinne kår.
Botn
På Botn nedanfor Vågslid i Vinje står eit loft som har ord på seg for å vere det mest fotograferte i landet. Den lafta delen kom opp i 1666 på Edland. I 1878 vart huset flytta til Botn, ein gard som vart skysstasjon og seinare hotell for å ta imot ein veksande skare turistar over Haukelifjell. Til Odda kom dei ferierande med dampskip og i så store flokkar at store hotell grodde opp på denne idylliske strandstaden som i år 1900 hadde 27 bustadhus og 285 personar. Mest ruva Hotel Hardanger, reist i 1896, ein av dei største trebygningane i Noreg. Huset vart rive i 1977. Gjestene var mest engelske og tyske. Keisar Wilhelm II var årvisst i Hardanger med Hohenzollern frå 1889 til 1914, og mange landsmenn følgde i kjølvatnet hans.
Frå Odda vart reisande skyssa med hest og karjol opp Seljestadjuvet til Røldal og vidare over Haukelifjellet til Telemark. Det vart bruk for mange overnattingsstader og skysstasjonar. Botn var ein av dei. Her fekk det gamle loftet eit nytt og frimodig preg – mest av sveitserstilen, med gjennomgåande utskjeringar og slanke støtter. Svai i taket snikra dei òg. Inne er det lafta rom i to høgder, denne delen står som han først vart bygd. Det nye kom til i svalgangane. Oppe går dei heilt ut, nede er dei litt smalare. Materialane er spinkle, med eit motstykke i ei trapp i den bakre endesvala. Trinna er hogne i ein rund stokk av mektig dimensjon. På loftet overnatta kuskar og kanskje tenestefolk på staden. Dei reisande frå kontinentet likte det dei såg. Mange kom attende år etter år. Den gamle vegen går like ved, visstnok så nær at dei måtte flytte buret litt då bussar kom i trafikk over fjellet.
Turisme
Frå 1950-talet tok bilane over trafikken. Hestane vart til overs, og mange hotell måtte stengje. På Botn budde dei til 1960. Svalene på loftet kom etterpå i forfall, sjølv om taket var tett og berga det som er lafta. Huset seig mot undergangen, men vart løfta opp og berga i siste liten med provisorisk fundament.
– Dimensjonane på det som bar dei nye svalgangane, var for små, og kvaliteten på materialen for dårleg, seier han som no kopierer den gamle utsjånaden, Anders Dalsegg.
Skikkeleg restaurering byrjar med å velje dei rette trea i skogen, er hans klare standpunkt. Arbeidet skal vere ferdig til ei markering 31. august.
Også mange norske reisande og folk i dei næraste bygdene sit att med inderlege minne om det rikt dekorerte huset.
– Huset er eit ikon langs vegen, eit symbol på den gamle turisttrafikken og dei mange overnattingsstadene som grodde fram, seier Else Marie Skau, leiar i Fortidsminneforeningen i Telemark.
– Sterkt press frå ålmenta, svarer dagens eigar, Trude Botn, på spørsmål om kvifor ho sette i gang restaureringa.
Med støtte frå Kulturminnefondet og god hjelp frå Else Marie Skau vart tiltaket gjennomførleg utan for stor eigeninnsats, og sjølv er ho sakte glad for at loftet vert som nytt. Botn vil no prøve å få i stand to andre hus: det gamle hotellet og ei løe med lafta fjøs i. Tilstanden er ikkje så ille som det kan sjå ut til, meiner ho. Begge står støtt, etter eit arbeid for nokre år sidan, og manglane er først og fremst utvendige. Kanskje, trur ho, kan ho få litt inntekter ut av innsatsen.
Tunet på Botn, ikkje berre loftet, er eit minnesmerke frå tida med den første store turismen i landet.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Frå 1950-talet tok bilane over trafikken. Hestane
vart til overs, og mange hotell måtte stengje.
Fleire artiklar
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?