Essay

To geni og mønstera dei oppdaga

Dei to store språkvitarane i vår tid ignorerte kvarandre. Russaren Zaliznjak og amerikanaren Chomsky har likevel noko sams: Dei fann mønster og gjorde språk til vitskap.

Zaliznjak fortel interesserte forskarar og studentar i Moskva om dei siste neverbreva funne i Novgorod.
Zaliznjak fortel interesserte forskarar og studentar i Moskva om dei siste neverbreva funne i Novgorod.
Publisert

Noam Chomsky er ein intellektuell superkjendis, rett nok på utsida av mainstream amerikansk presse. Universitetet hans, Massa­chusetts Institute of Technology (MIT), publiserte i 1992, før internett, ei toppliste over vitskapelege siteringar. Chomsky var i godt selskap på åttande plass etter Marx, Lenin, Shakespeare, Aristoteles, Bibelen, Platon og Freud. 92 år gamle Chomsky er framleis, 28 år seinare, den einaste på lista som er aktiv. I fjor debuterte han på det nye universitetet sitt i Arizona med den fyrste PowerPoint-førelesinga si.

Til samanlikning er Andrej Zaliznjak ein smågut, nærast ukjend utanfor den slaviske verda. Men eg ber likevel lesaren gje russaren ein sjanse. Ei unison genihyllest frå den russiske intelligentsiaen må vel gjera inntrykk? «No miste vi den siste store russiske vitskapsmannen», sa matematikaren Vladimir Uspenskij då Zaliznjak døydde, 82 år gamal, på julekvelden for tre år sidan, i 2017.

Så kva skil og sameinar dei to gigantane, amerikanaren og russaren?

Ikkje same språk

Chomsky og Zaliznjak talte ikkje same språk. Det er i seg sjølv overraskande ettersom far til Noam emigrerte frå Ukraina og mor hans frå Kviterussland, i båe høve frå Tsar-Russland. Men Noam hadde inga interesse av å læra seg russisk. Det fekk halda at han var god i hebraisk grammatikk, der far hans var ein stor autoritet i det jødiske samfunnet.

Chomsky er ikkje eit språkgeni i den folkelege tydinga av ordet. Han held seg stort sett berre til engelsk. Ein gong han skulle gje eit døme frå tysk under ei førelesing, var han så langt inne i si eiga tankeverd – den språklege djupstrukturen – at han ikkje oppdaga at den «tyske» setninga var reinspikka engelsk. Då han i 1971, før ein legendarisk TV-debatt i Nederland, gjekk ein lang spasertur med sin intellektuelle motpol, den franske filosofen Michel Foucault, talte Chomsky engelsk og Foucault fransk. Det var best slik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement