Tilrådingar
Når musikkfotografi er tema under Fotografiets dagar 2018, er det naturleg at May-Irene Aasen er årets festivalutstillar.
Dykk har eg gløymt i dag, seier May-Irene og opnar husmorvindauget og fyller solsikkefrø i to behaldarar på utsida. Med det same ho lèt att, kjem sporvane til.
– Dei er her kvar deg, desse småfuglane.
May-Irene Aasen, trommeslagaren frå Jokke & Valentinerne, byrjar altså dagen med å mata fuglane. På stovebordet, alltid parat, ligg ei bok med foto og lydar av 150 ulike fuglar.
Ho er ei slank dame med langt, grått hår. Ho ler mykje og kjem stadig med vittige kommentarar. Som når ektemannen Guttorm Nordø seier «hæ?» ein gong for mykje.
– Eg veit ikkje om du byrjar å høyra dårlegare, eller om du berre vert meir trønder med åra.
Held på knirkinga
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.