Kunnskap

Tilapia

Oppal av tilapia i jorddammar er vanleg. Biletet viser stimar av småfisk i eit klekkeri i Huila-provinsen i Colombia.
Oppal av tilapia i jorddammar er vanleg. Biletet viser stimar av småfisk i eit klekkeri i Huila-provinsen i Colombia.
Publisert Sist oppdatert

I Noreg trur vi gjerne at laks er den viktigaste oppdrettsfisken i verda, og at oppdrett av laks er viktig for å fø den stadig veksande befolkninga i verda. Men i eit globalt perspektiv er det ferskvassfisk, algedyrking og produksjon av skjel som utgjer størsteparten av all akvakultur.

Ta til dømes tilapia, ein afrikansk ferskvassfisk som dei siste tiåra er blitt populær over heile verda. For 4000 år sidan var denne fisken frå Nilen så viktig for matforsyninga i Egypt at han blei trudd å vere heilag, beskytta av sjølvaste solguden. I dag er heilsteikt tilapia ein rimeleg og velsmakande rett som du kan få servert ikkje berre i Afrika, men også i land som Kina, Indonesia, USA, Brasil og Colombia. Sjølv om fisken ikkje blir større enn 300 til 800 gram, er den samla produksjonen av tilapia meir enn dobbelt så stor som produksjonen av laks.

Hardfør

Tilapia er ein hardfør fisk, godt tilpassa eit tropisk klima. Dei trivst best ved vasstemperaturar rett under 30 grader. Dei mistar matlysta viss temperaturen søkk ned mot 20 grader, og blir det særleg kaldare enn det, vil dei fort bli sjuke og døy av stress.

Så lenge vatnet er varmt nok, toler dei høg tettleik og store variasjonar i vasskvalitet.

Det blir sagt at dei kan overleve i vatn heilt fritt for oksygen, berre dei får tilgang til luft. Men at dei overlever i eit dårleg miljø, er ikkje det same som at dei har god vekst eller velferd. Tilapia vil, som all annan fisk, trivst best når han får god vasskvalitet, nok plass og god tilgang på fôr.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement