Teknologi
Til himmels
Hos Portal Space yrer det av liv. Nokre driv med mekanisk arbeid, andre programmerer, og Ingvild Garmo Nilsson i framgrunnen studerer resultata av siste motortest dei hadde på Kjeller.
Det vert sagt at gjerningsmannen søkjer tilbake til åstaden. Ikkje berre han, me har alle trong til å oppsøkja stader der livet vårt vart forma. Eg vitjar fysikkbygningen på Blindern kvar gong eg er i Oslo. Der studerte eg gravitasjonsteori, og bygningen syg meg til seg som eit svart hòl.
Plutseleg ser eg ein plakat der eg vandrar i korridorane. Portal Space skal lage Noregs fyrste rakett med flytande drivstoff. Dei ynskjer at eg skal vera med, og til alt overmål treng eg inga erfaring. Og eg som trudde det var vanskeleg å vera rakettingeniør.
Eg opnar døra. Det syd av liv. I eit rom som ser ut som ei blanding av mekanisk verkstad og kontrollrommet i Houston, brukar eit tjuetal studentar det meste av fritida si til praktisk utvikling av romteknologi. Dei lagar det aller meste på eiga hand og har valt å konstruera ein rakett med flytande brennstoff, for det er mest aktuelt for industri og vidare utforsking i verdsrommet.
Ola Sten Baksaas og Rokas Naudziunas starta det heile i 2020. Går alt etter planen, skal raketten til vêrs i den europeiske konkurransen EuRoc i 2023. Ola viser meg ned i kjellaren, der dei har ein dreiebenk som er over hundre år gamal. Den har dei brukt til å utforma motoren med.
Etterpå snakkar eg med Jannik Eschler, som lagar fallskjermen som skal syta for at raketten kjem pent ned att, og Elin Nystog Nordbø, som programmerer rakettsensorane. Det vert sagt at det er mykje vanskelegare å laga ein rakett enn å forstå korleis han verkar. Lat oss difor ta til med det sistnemnde.
Ein væskerakett har tankar for rakettdrivstoff og oksidasjonsmiddel. Drivstoff og oksidasjonsmiddel vert pumpa inn i eit forbrenningskammer, der forbrenninga vert starta med ein liten elektrisk gneiste. Raketten til studentane har ikkje pumper, for dei har sett trykk på både drivstoffet etanol og oksidasjonsmiddelet oksygen til 35 bar med ein trykktank på 200 bar fylt med nitrogen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.