Reportasje
¿ Themsen er ikkje for amatørar
Eg frykta jo at kajakken kunne gå rundt, men at det skulle skje alt fyrste dagen, var ikkje eingong med i min verste maredraum.
Det går om lag 200 bruer over Themsen. Dette er New Radcot Bridge frå 1787.
Lytt til artikkelen:
England. Eg skal vedgå at eg har hatt nokre førestillingar om dette landet som grensar til fordomar og motvilje. Ja, til dømes når eg flyg inn over London og ser ned på desse endelause slettene av stein, asfalt, glas, stål og betong, dette teppet i fifty shades of grey, streka opp av skeive gater på kryss og tvers, av jarnbaneskinner og motorvegar, når eg ser mønstra av fleire hundre tusen grå rekkehus, dei rasande bustadblokkene, skyskraparane som klumpar seg saman, byggkranane, industriområda, varelagera, parkeringsplassane, ja, heile denne myldrande, dystopiske mennesketua med åtte millionar Homo sapiens på leit etter meining, har eg ofte tenkt: «Stakkars menneske! Var det slik det skulle ende?»
Men no – no skjønar eg at England er meir enn dette utpinte Stor-London, meir enn dei dystre, regnkalde industribyane i nord. Det er til dømes den landlege elveidyllen nedanfor den vesle landsbyen Lechlade i fifty shades of green. Maisola skin kvit og sterk, lòdne bomullsdottar driv dovent over den blå himmelkvelven. Eg slepper venstre åreblad ned i det gråbrune elvevatnet, dreg armen mot meg. Kajakken er fullasta og ligg djupt, men glir som ei sildetung nise gjennom vatnet. Høgre åre, venstre, høgre, venstre... Bortsett frå lyden frå årene, klukkinga frå kjølen og intens fuglesong er det stille. Ingen støy frå by og bil, frå fly eller jarnbane. Innimellom raslar ein svalande bris gjennom siv og lauvtre og krusar elveflata.
Stø er eg ikkje, og det rykker til i kroppen kvar gong eg kjenner ubalanse. Eg er glad eg har med meg Dale. Eg vågar ikkje snu meg, men eg høyrer at han er like bak meg.
– Endeleg, seier eg.
– Endeleg, svarar Dale.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.