Elias Blix var teolog, men ikkje prest. Perspektivet i salmane er sett frå kyrkjelyden, ikkje frå altaret eller preikestolen, meinte biskopane Per Juvkam og Fredrik Grønningsæter. Den siste har, med eit lån frå den første, karakterisert Blix som «kyrkjebenken sin salmediktar». I Uranienborg kyrkje i Oslo, som Blix sokna til frå kyrkja var ny, lever enno eit minne om kvar han hadde sin faste plass.
At Blix aldri blei prest, har ei enkel forklaring. Det har vore spekulert på om den aristokratiske soknepresten i Gildeskål hadde skulda; han skal i 1866 ha avvist å gi den unge kandidat Blix preikestolen i barndomskyrkja hans, med orda: «Det sømmer sig ikke for almuens Barn at bestige Kirkens predikestol!» Ifølgje Kurt-Johnny Olsen skal Blix ha tatt seg nær av dette. Han tok likevel praktisk-teologisk seminar, den siste delen av presteutdanninga, så snart han var komen til hovudstaden att, så han kan ikkje ha slått frå seg tanken om geistleg embete. Derimot fekk – og greip – han sjansen til ein akademisk karriere, først som stipendiat, frå 1879 som professor i hebraisk språk ved Det Kongelige Frederiks Universitet, med plikt til også å undervise teologiske studentar i Det gamle testamentet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.