Reportasje
Tenne, temje, dele
I ei historisk mørk tid bestemte eg meg for å lære kunsten å tenne bål.
Å gjere opp eld krev merksemd og aktivitet, men gjev varme, ro og glede tilbake.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Du visste å invitere ei som ikkje har peiling på bål, seier Åslaug.
Det er ti minusgradar, og gammal, hard snø knakar under solane våre, der vi trakkar over det islagde Nøklevann i Østmarka i Oslo iført tjukk ullhue og svarte solbriller.
Motivasjonen vår er klar: Vi skal tenne bål, og eg skal skrive om det.
For eit år sidan ville vi truleg ha treft kvarandre over ein kaffi i sentrum, nysminka for å markere pausen frå småbarnslivet i eit rotete rekkehus i forstaden. Vi ville soge til oss inntrykka av forbipasserande og kafégjengarar i alle fasongar og aldrar, før vi drog heim att, litt meir inspirerte enn då vi kom.
No skulle vi tenne bål.
Ein stad å samlast
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.