Historie
Tempo-problemet
Beethoven var den fyrste store komponisten som nytta metronom for å notera eksakt kor snøgt komposisjonane skulle spelast. Kvifor blir stykka hans i dag likevel framførte i svært ulikt tempo?
Ein original Mälzel-metronom (kring 1816) av typen Beethoven nytta. Teikningane er frå oppfinnaren J.N. Mälzels patentsøknad (London 1815).
Foto: PLOS One
Lat oss ta det konkret: Den såkalla «Syrgjemarsjen» frå «Eroica-symfonien» (for å vera heilt korrekt, 2. sats «Marcia funebre. Adagio assai» frå Symfoni nr. 3 i Ess-dur, op. 55). Marsjen vil dei fleste kjenna att, for han frigjorde seg tidleg frå symfonien og blei nytta i gravferder og seremoniar når storfolk skulle minnast. Komponisten Felix Mendelssohn (i 1847), generalen Erwin Rommel (i 1944), presidentane Franklin D. Roosevelt (i 1945) og John F. Kennedy (i 1963), dei israelske offera etter massakren under München-OL i 1972 – dette er døme på avlidne som blei æra med Beethovens musikalske tristesse.
Syrgjemarsjen er eit godt døme på det det her skal handla om. Anten du går til CD-hylla di og samanliknar ulike innspelingar, søkjer opp verknamnet på ei musikkstrøymeteneste eller klikkar deg inn på YouTube, vil du merka at framføringssnøggleiken varierer ekstremt. På YouTube, til dømes, ligg to tolkingar av syrgjemarsjen med to legendariske dirigentar, spelte inn med eitt års mellomrom: den rumenske dirigenten Sergiu Celibidaches innspeling med Münchner Philharmoniker frå 1987 og den nederlandske dirigenten Frans Brüggens framføring med Orchestra of the Eighteenth Century frå 1988.
Celibidache nyttar 19 minutt på å spela den 257 taktar lange satsen, som er merkt «Adagio assai», medan Brüggen kjem gjennom på 13 minutt. Brüggen spelar altså 1,5 gonger så raskt. Kva kan vera grunnen til denne skilnaden?
Greitt, Celibidache dirigerer uvanleg sakte – han var kjend for det. Metronomtalet er her på kring 53 (53 åttandedelsnotar i minuttet). Brüggen, derimot, spelar uvanleg snøgt – skamlaust snøgt for ein syrgjemarsj, vil somme seia. Metronomtalet ligg her på kring 80 (80 åttandedelsnotar i minuttet). Men Brüggen, som var ein tilhengar av «historisk informert framføringspraksis», hadde eit godt argument for hastverket sitt: Beethoven har faktisk føreskrive dette høge tempoet, altså 80 – sjølv om få dirigentar tek omsyn til det i dag.
Meiningslause nemningar
Ludwig van Beethoven var revolusjonær på så mange måtar: «Når det gjeld meg, har eg venta lenge på å kunna slutta med desse meiningslause nemningane allegro, andante, adagio og presto. Mälzels metronom gjer dette mogleg for oss. Eg lovar deg at eg i dei nye komposisjonane mine aldri meir skal nytta desse nemningane!» Dette skreiv han i 1817 til den wienske musikaren og embetsmannen Ignaz Franz von Mosel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.