Teknologi
Vêrradar
Vêrradar på Vestkapp på Stadlandet. Bak den kvite kuppelen skjuler det seg ein roterande parabolantenne.
Foto: Wolfmann / Wikimedia Commons
«Regn, seinare regnbyer.» Vêrvarslinga på Vestlandet feller dommen over nok ein sumar. Eg, den vesle guten, sit åleine og lyttar til den dystre bodskapen som kjem ut på mellombylgja i den oransje transistorradioen til tante. Dei vaksne ligg på lemmen og kviler. Eg vona at me berre var uheldige her vest, og at det snart skulle letta.
Då eg vart student, tok eg grunnkurs i meteorologi. Der fekk eg veta at me var dømde til evig repetisjon av sveipande lågtrykk frå vest. Dei gjev fyrst ein varmfront med siperegn, dinest ein kaldfront med regnbyer. Eg gjekk inn i ein mild depresjon som knapt har letta.
Eg skal sykla heim frå jobben. Eg opnar Yr, ei fantastisk teneste frå NRK og Meteorologisk institutt. Eg opnar kartet som viser regnbyene si ferd som blå stripar over kartet. Der det er mørkeblått, regnar det særs mykje. Eg avpassar ferda i ei tidsluke mellom to regnbyer for å koma meg tørr heim.
I Noreg har me ni vêrradarar i eit landsdekkjande nett. Dei er plasserte langs kysten eller høgt i terrenget, slik at dei kan observera store område. Radaren vart utvikla før og under annan verdskrigen. Føremålet var å oppdaga fienden. Ein radar, figur 1, sender ut ei elektromagnetisk bylgje i ein kort kraftig puls og går så over i lyttemodus. Den utsende pulsen treffer eit eller anna objekt som reflekterer litt av energien tilbake som eit ekko. Dette ekkoet kan så prosesserast, slik at ein finn ut kva ein ser.
For å få betre oppløysing prøvde ein under krigen å minska bylgjelengda i pulsen for å senda ut energien i ein smalare stråle som kunne sveipast over himmelen med ei rørleg antenne. I staden for å sjå Fritz i bombeflyet sitt vart heile ekkoet fylt med ekko frå nedbør. Vêrradaren var fødd, og resten av krigen vart brukt til å forska på radarekko frå nedbør og korleis ein kunne filtrera bort det dei såg på som støy.
Etter krigen vart ein del av desse forskarane arbeidslause, og dei byrja med å sjå på korleis radarteknologi kunne verta brukt til fredelege føremål. No finn du ein vêrradar i nasen på alle rutefly, og på bakken er dei strødde jamt utover heile jorda som eit viktig element i vêrvarslinga. I tillegg finst det ein nedskalert versjon av energikjelda til radarpulsen (magnetronen) i alle mikrobylgjeomnar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.