Teknologi
Totalstasjon
Resultata av målingane: Horisontalvinkel er 64,7 gon, vertikalvinkel 98,8 gon og avstanden til reflektor er 23,4 meter horisontalt og -1,4 meter vertikal høgdedifferanse. Y og X gjev totalstasjonens posisjon på jorda, og høgda er ti meter over havflata.
Foto: Simon Sanca
Kjende matematikarar som Carl Friedrich Gauss og Caspar Wessel starta karrieren som landmålarar. Gauss utforma talteorien sin medan han vandra i dei tyske skogar, og Wessel oppdaga dei komplekse tala då han ynskte å rotera linestykka han hadde målt. Eg har tenkt å avslutta karrieren som landmålar, og kanskje vil den friske lufta få meg til å tenkja like klårt som dei.
Eg tek kontakt med stipendiat Simon Šanca ved Institutt for byggfag ved Høgskulen på Vestlandet; han kan det som trengst å vita om landmåling. Han viser meg ned i det aller heilagaste på skulen, der totalstasjonane ligg på rekkje og rad og ventar på meg.
Kvifor har dei det prosaiske namnet totalstasjon? Av den enkle grunnen at dei gjer oppgåver ein trong fleire instrument til tidlegare. Dei måler vinklar. Det vart gjort med teodolittar før. I tillegg måler dei avstand. Det vart gjort ved å måla vinklar og ha ei kjend basisline i gamle dagar. Då kunne dei bruka sinussetninga til å finna lengder til nye punkt. No vert ein kombinasjon av mikrobylgjer, infraraudt ljos og laser brukt til å måla avstand. I tillegg tek totalstasjonen vare på alle målte data som landmålaren før måtte skriva inn i sin målebok i all slag vêr.
Eg vel ein totalstasjon frå den sveitsiske kvalitetsprodusenten Leica. I tillegg tek me med oss ei reflektorstong og går ut på fotballbanen til høgskulen for å måla han opp. Er banen i vater, og held han dei internasjonale måla?
Me set opp totalstasjonen og får han til å stå horisontalt ved hjelp av libellen, ei lita luftblære som må sentrerast i ein liten ring. Totalstasjonen vert skrudd på. Simon og eg vel å måla avstandar og vinklar, og vi samlar dataa i ei fil som landmålarar kallar målebok.
Eg startar karrieren som assistent og held reflektorstonga. Du trur kanskje det er ein lett jobb, men ho må vera i lodd, og til hjelp har eg ein liten libelle å sjå i. Problemet er berre at skjelvande hender gjer at libellen oppfører seg som kula i eit flipperspel. Heldigvis vert eg betre etter kvart.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.