JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Ting i internettet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tinginternettet teikna av signaturen Wilg i 2012.

Illustrasjon: Wikimedia Commons

5658
20210903
5658
20210903

Hadde det ikkje vore herleg om bosset leverte seg sjølv! Tenk deg at det er ein sensor i bosspannet som måler kor mykje du har samla opp av rusk og rask, eller ein luktsensor som merkar at no har rekeskalet lege for lenge.

Bosspannet sender ei bestilling til det lokale bosselskapet, bosspannet får stadfesta hentetid frå bosselskapet, og på eit passande tidspunkt trillar det seg sjølv bort til henteplassen og ventar. Når det er tømt, køyrer det tilbake til den faste plassen ved inngangen heime.

No kan slike smarte bosspann snart vere på marknaden, saman med ei rekkje andre smarte ting som er knytte saman i nettverk.

Internettet av ting (IoT = Internet of Things) er eit samleomgrep for alt det ein kan gjere når ein koplar ting med innebygde datamaskiner saman i eit datanettverk for å gjere dei intelligente eller smarte. No vert 5G-nettverket bygt ut i Noreg, og målet er at heile landet har fullt fungerande 5G i 2024.

Den store overføringskapasiteten i 5G vil gjere det mogleg å bygge avanserte system i omgjevnadene våre med uavhengige og kommuniserande komponentar som det tidlegare ikkje var bandbreidde til. Sist veke skreiv Per Thorvaldsen om infrastrukturen i 5G. Den legg til rette for at ein kan plassere ut ting i form av til dømes sensorar eller robotar både her og der. Vidare kan desse tinga samle inn informasjon og gjere seg nytte av informasjon slik at dei kan handle på eiga hand, truleg både til nytte og irritasjon.

Internettet av ting er alt i full bløming, særleg i heimane. Vi er vande med at smartfjernsynet kan brukast via gammaldags antenneteknologi, men det kan òg koplast til Netflix, dataspel, YouTube og andre tenester som ligg på veven.

Vi har smarthøgtalarar som det går an å snakke til og instruere. Du kan kanskje alt kommunisere med panelomnen på hytta, og i framtida vil alle apparat i heimen kunne kommunisere med deg. Enkelte tenkjer seg at kjøleskapet vil kunne fortelje kva som manglar i frysaren, eller at du ikkje må kjøpe endå meir salamipølse.

Det kraftfulle 5G-nettverket er spesielt nyttig for å installere sensorar og programvare på ting som ikkje har straumtilførsel og ikkje er inne i heimen. Det gjeld til dømes bosspannet som vi nemnde i innleiinga.

Programvare installert i tingen reagerer på signal frå sensorar, sender informasjon der det trengst, tek imot informasjon og har aktuatorar som effektuerer ei programmert handling.

Det siste er til dømes hjul med motor, som får tingen til å bevege seg slik styreprogrammet føreset, og vi kjenner det alt frå robotiserte plenklipparar og støvsugarar. Med innføringa av 5G kan ein på sikt rekne med at mange tekniske innretningar kan bli til robotar.

Løysingar som viser virtuell eller auka røynd, vert stødigare over 5G og kan dermed få eit utvida bruksområde. Smarte briller vil kunne projisere lyd og video til augo dine, og dei kan spele inn og strøyme det du opplever, til andre.

Tenk at du vurderer å kjøpe eit husvære i ei blokk som enno ikkje er bygd. Du kan kople smartbrillene dine til programmet til entreprenørfirmaet og sjå korleis blokka vil ligge i terrenget, kva utsikt det er frå ulike husvære og leike deg med fargeval, kjøkkenstorleik og anna gøy.

Slike briller vil også gjere det mogeleg med virtuell turisme. Du kan stanse i Lærdal og sjå Vindhella-vegen frå 1790-talet i all sin byggtekniske prakt. Lokale museum og turistkontor kan vise fram attraksjonar med større djupn og realisme enn tidlegare og kanskje til og med gjere det interessant for borna i baksetet i bilen.

Denne typen formidling av kulturminne vil forresten også kunne lage nye jobbar for lokale design- og mediebyrå. Det treng ikkje nødvendigvis vere Silicon Valley som stikk av med alle pengane.

Teknologirådet reknar med at utbygginga av 5G vil auke talet på tilkopla einingar per kvadratkilometer frå tusen til éin million. Data frå alle desse tinga vil gje råstoff til nye tenester knytte til vareproduksjon. Det vert mogeleg å følgje produkt heile vegen frå produksjon til distribusjon og bruk, og dette skapar eit stort potensial for å spare pengar og arbeid og ikkje minst redusere forureining.

Reknekraft og rask respons i styringssystema vil også gjere at dronar vert meir stabile og tryggare for omgjevnadene, og dei kan då utføre tenester som høyrest rare ut i dag. Dei kan levere produkt i ein radius på eit par–tre kilometer, med ei leveringtid på berre nokre minuttar. Dronen kan levere pizza, men òg viktigare ting som medisin, førstehjelpsutstyr og dyr vin frå polet.

Internettet av ting er eit framveksande teknologiområde der det er vanskeleg å vere sikker på kva som vil slå an. Det finst mange spenstige visjonar frå futuristar, og ideen om kunstig intelligens overalt kan nok vere provoserande. Treng me verkeleg alle desse smarte datamaskinene?

Somme meiner samankoplinga av ting vil gjere at vi mistar den siste resten av privatliv, og attpåtil får me bosspann som går i vranglås, slik at bestemor må installere tryggleiksoppdateringar. Det er gode grunnar til å vere kritisk til utviklinga og ikkje kjøpe alt berre fordi det er nytt.

Ettersom bruksområdet for 5G-tenester veks, vert det behov for sterkare regulering av personvern. Trafikkmønsteret for dronar og robotar må regulerast for å unngå at dei kolliderer med folk og andre fartøy. Berre tenk på kva nye lover den revolusjonerande biltrafikken kravde i si tid.

Det kjem alltid store utfordringar for det eksisterande lovverket når framveksande teknologiar vert etablerte som normale i samfunnet.

Lars Nyre og Bjørnar Tessem

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Utbygginga av 5G vil auke talet på tilkopla einingar per kvadratkilometer frå tusen til éin million.

Teknologirådet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis