Synkronisert klokketid
Cesium, hjartet i atomklokka til National Bureau of Standards, er fanga inne i denne kapselen, før han går i omnen og fordampar. Atomklokka tel vibrasjonane til desse cesiumatoma – 9.192.631.770 per sekund.
Foto: National Institute of Standards
Vi har nyleg gått over frå sommartid til vintertid. Mange millionar klokker måtte stillast ein time tilbake frå kl. 03 til 02.
Før i tida var dette ei stor sak. Vi måtte flytte urvisaren tilbake på alle klokkene våre, blant anna armbandsuret, vegguret på kjøkkenet, klokkeradioen på soverommet, klokka i bilen og på komfyren (om vi fekk det til). Det var alltid oppslag i avisene og diskusjonar på TV. Er det fram eller tilbake no? Hjelp!
No til dags skjer alt dette av seg sjølv. Klokkene våre er kopla saman i eit gigantisk synkronisert system der tida alltid er rett i alle klokker. Når du vaknar om morgonen, er den nye tida alt der. Det er snart berre kjæledyr og husdyr som merkar skiftet, for eigaren byrjar plutseleg å gje dei mat ein time seinare, og det likar dei ikkje.
Eit synkronisert klokkesystem gjev nøyaktig same tid til alle klokkene i systemet. Det finst ei hovudklokke og fleire sekundære klokker, som også blir kalla slaveklokker. Før i tida var slike system manuelle, og eit menneske hadde då som oppgåve å korrigere alle slaveklokkene med faste mellomrom.
Seinare vart det slike system naturlegvis kopla saman, fyrst med leidningar og deretter med trådlause signal. På 1990-talet hadde Universitetet i Bergen eit system av veggur som vart synkroniserte automatisk ut frå eit atomur ein stad i Sveits.
No til dags er det synkroniserte klokkesystemet så omfattande at det er med å synkronisere åtferda vår i alle slags kvardagslege situasjonar. Under koronapandemien måtte universitetet ha forelesingane på Zoom, og det var fascinerande å sjå kor mange av studentane som logga seg på eksakt kvart over.
På konferansar kunne det vere hundrevis av deltakarar som kom på samtidig, popp-popp, hei-hei, og til slutt forsvann alle like samtidig. Det var nesten skummelt å sjå kor synkronisert åtferda vår var blitt.
Svært mange tekniske gjenstandar har ei innebygd klokke. Alle datamaskiner har si eiga spesielle maskinvare som held tida, og den brukar vanlegvis ein kvartskrystall for å generere eit regulært tidssignal.
Dette tidssignalet vert synkronisert opp mot ei felles global tid styrt av hovudklokka, og alle dei små og store datamaskinene er såleis slaveklokker.
I moderne datanettverk er synkroniseringa avgjerande fordi alle aspekt ved administrasjon, sikring, planlegging og feilsøking i eit nettverk krev at systemet veit nøyaktig når hendingar skjer. I den globale økonomien er det mange transaksjonar som må vere svært nøyaktige, det nærmar seg eitt nanosekund på mange bruksområde.
Synkroniseringa av tida i dei tekniske systema har vore under utvikling i lang tid. I dag refererer vi til koordinert universell tid (forkorta UTC), som er omtrent lik soltida i Greenwich ved London. Den blir brukt til sivil tidtaking over heile jordoverflata, det er denne standarden som vert brukt til å synkronisere tida i mobiltelefonane og datamaskinene våre.
I 1955 vart atomuret oppfunne, og det er den mest nøyaktige tidtakaren menneska har klart å lage. Atom har diskontinuerlege energitilstander, og grunnstoffet cesium vil hoppe frå ein energitilstand til ein annan om det vert treft av elektromagnetisk stråling som har ein frekvens på 9.192.631.770 bølgjer per sekund.
Ein finn lengda på eit sekund ved å justere energien til ein elektromagnetisk stråle slik at cesiumgass akkurat absorberer strålinga. Når strålinga er justert, vert eitt sekund den tida det tek for 9.192.631.770 bølgjer av strålen å passere eit punkt.
Atomuret gav ei tidtaking som var både meir stabil og meir praktisk enn dei tidlegare tidsteknologiane. International Atomic Time er ein høgpresisjonsstandard for atomklokker, og dei synkroniserer med kvarandre ved hjelp av radiobølgjer og GPS-systemet. Jamleg koordinering er naudsynt, sidan gravitasjon og ulik relativ fart vil gje små forskjellar i kor fort klokkene går.
Alle klokkene rundt oss vert koordinerte med radiokommunikasjon, og dei globale navigasjonssystema er heilt sentrale for å få dette til. Det sviv meir enn hundre navigasjonssatellittar rundt kloden, og dei mottek jamleg tidssignal frå bakkestasjonar som har atomklokker. Kvar satellitt har i tillegg ei innebygd atomklokke som er nøyaktig ned til eitt sekunds feil på 300 millionar år. Dette systemet sender tidssignal til mobiltelefonane våre og alle andre tekniske gjenstandar som er knytte til nettverket.
Mobiltelefonen din held med jamne mellomrom kontakt med tenesteleverandøren gjennom næraste tårn. Tenesteleverandørane har klokker som er synkroniserte frå navigasjonssatellittane som føljer det koordinerte universelle systemet. Om du ikkje har nettverkstilkopling, vil den siste synkroniseringa gjelde til neste gong mobilen får kontakt.
Klokketida vert slik synkronisert på tvers av geografisk avstand. Rett nok lever folk i ulike tidssoner, men det vert sjølvsagt bygd inn i systemet. Når vi flyg frå Noreg til USA, treng vi ikkje endre noko på datamaskinene våre. Når vi skrur av flymodus og får att kontakten, vert tida korrigert automatisk. Du treng ikkje hugse kor stor tidsforskjellen er.
Folk er opptekne av å møte opp til avtalar til rett tid, og vi sender SMS dersom vi blir tre minutt forseinka. Vi vert stadig meir synkroniserte med kvarandre, og toleransen for avvik vert stadig mindre både sosialt og teknisk. Sosiale omgangsformer endrar seg som konsekvens av den avanserte teknologien for synkronisering som ligg innbakt i alle dei nyttige maskinene våre.
Lars Nyre
og Bjørnar Tessem
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi vert stadig meir synkroniserte med kvarandre, og toleransen for avvik vert stadig mindre.
Fleire artiklar
Martin Baldysz debuterte i 2013 og er no ute med roman nummer tre.
Foto: Helle Frogner
Tronge sinn ved det vide havet
Martin Baldysz skriv seg inn i eit fortidig ungjentesinn.
Det går mykje kjøt gjennom anlegga til Nortura i desse dagar. Men kva veit dei eigentleg om kvaliteten på det?
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Slaktetid
Så er det offisielt: Kvalitetssjekken på slakteria er ikkje anna enn eit volummål.
Skodespelarane er plasserte i ein kvit kube.
Foto: Den Nationale Scene
Den vanskelege, men nødvendige venskapen
I vårt sted byr på fint samspel i ein rik og lågmælt tekst, som kunne tent på å bli kutta litt.
Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).
Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater
Når Kielland stig ned frå sokkelen
Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei fødd. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscena.
Tom Roger Aadland kan sjå tilbake på 20 år som artist.
Foto: Birte Magnussen
Ein mangslungen veg
Tom Roger Aadland er ein av landets aller mest solide låtskrivarar.