JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Strekar i rekninga

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Figur 1. For strekkodelesaren er mjølk berre eit nummer i rekka av andre varer.

5645
20210813
5645
20210813

Pip, pip og atter pip. Ein laser les strekkodane. Eg er mi eiga kassadame. Ikkje fordi eg har omsut for NorgesGruppen og deira lengt etter auka profitt i tronge tider. Nei, eg skjemmest av varene i korga. Mjølk, saft, juice, sjokoladepålegg, brus, chips og snop.

Eg handlar no mat diktert av gjengløymde handlelappar skrivne av vilt framande som eg finn ein eller annan stad når eg entrar butikken. Med ordtaket «du vert kva du et» vil eg forstå og verta inspirert av den norske folkesjela ved å eta meg inn i henne. Dei aller fleste handlelappane er generiske og fullstendig frie for produktnamn. Det er kanskje verdt å tenkja på for produsentane før dei kastar bort ei mengd pengar på reklame?

Eg lyftar mjølkekartongen i hyllest til dei hardtarbeidande norske bøndene. Han er smykka med ein strekkode, figur 1, med ei rekke siffer på botnen. Kva tyder det lange talet, og korleis avspeglar strekkoden det? Det er mangt og mykje ein kan undra seg på, berre ein gjer det.

At den norske mjølka er eit unikt produkt, veit vi jo allereie, og talet 7038010001642 identifiserer eintydig ein liter Tine lettmjølk med 1,0 prosent feitt frå gardar nær meg. Eg går bort til glaset og speidar etter bønder, men ser ingen. I utkanten av Bergen er jordbruket avvikla. Nok om det.

Talet vi les, er eit GTIN – eit «Global Trade Item Number». Det er koda etter ein global standard kalla GS1. Ynskjer du eit slikt tal for noko du skal selja, er det berre å vitja GS1 Norway sine heimesider og få deg eit nummer i samsvar med GS1.

Dei tre fyrste siffera står for produsentland, men ikkje nødvendigvis kor vara kjem frå. «70» fortel at produsenten er frå Noreg. Noreg har landskode mellom 700 og 709. «3801» er leverandørtalet, som i dette høvet er Tine AS. «000164» er artikkelnummeret produsenten sjølv gir vara. Ein liter herleg lettmjølk har Tine redusert til 000164. Lengda på leverandørtalet og artikkelnummeret er ikkje unik, men varierer med storleiken på produsentens vareutval. Små produsentar får lengre leverandørtal for å få plass til så mange produsentar som mogleg.

Kva med det siste sifferet, 2? Det er eit kontrolltal som er rekna ut basert på dei andre siffera. Vert strekkoden lett øydelagd eller dårleg lesen, kan kontrolltalet bidra til at ein finn at koden må lesast på nytt. Går det heilt gale med strekkoden, må kassamannen tasta han inn manuelt.

Så var det sjølve strekane. Korleis skal dei tydast? Her trengst det ein matematikar. Eg ringjer Inger Christin Borge ved Universitet i Oslo.

– Dei lengre strekane i byrjinga, på midten og på slutten av koden deler koden i ei venstre og ei høgre blokk. Dei fortel oss samstundes at dette er ein såkalla 13EAN-kode, noko som er kjekt å vita når ein skal dekoda. Sifferet før koden, starten på produsentlandet, er ikkje ein del av koden, men kan reknast ut basert på dei andre siffera. Dei resterande tolv siffera er delte i to like bolkar rundt delestrekane på midten, fortel Borge.

– For å få siffera til å verta strekar må vi gå via dei binære tala 0 og 1. Tabell 1 synar dei binære kodane for siffera 0 til 9. Ein ser at kvart siffer kan kodast på tre ulike måtar. Tar du ein noggrann titt på tabellen, ser du at alle kodane er forskjellige, og at det er mange ulike symmetriar. Siffera til høgre blokk i strekkoden skal kodast i samsvar med kolonnen for høgre blokk. Siffera i venstre blokk, S2 til S7, kan kodast på to ulike måtar, og kva for ein måte er bestemt av det fyrste sifferet, S1, i strekkoden.

Tabell 2 viser korleis ein går fram.

For varer med produkteigar i Noreg startar strekkoden med siffer 7, og ved å sjå på tabell 2 skal dei seks siffera i venstre blokk kodast: ulike, like, ulike, like, ulike, like.

Neste steg er å laga kode med strekar og mellomrom baserte på tabell 1. Strek er 1 og mellomrom 0.

– Tjukna på streken eller mellomrommet er gitt av tal på 1 eller 0 etter kvarandre, fortel Borge.

– La oss bruka strekkoden på mjølkekartongen som eksempel. S1 er lik 7 og fortel korleis vi skal koda siffera i venstre blokk. S2 er lik 0 og skal kodast ulikt. Den ulike kodane til 0 er 0001101. Det vert eit breitt mellomrom, litt tjukk strek, tynt mellomrom og strekk. Det stemmer med figur 1. S3 er lik 3 og skal kodast likt. Kode til 3 er då 010001. Tynt mellomrom og strek. Så det tjukkaste mellomrommet ein kan ha, før det vert avslutta med ein strek. Slik held ein fram med resten av siffera basert på opplysningar gitt i dei to tabellane.

– Kontrolltalet vert rekna ut etter fylgjande formel: S1+3*S2+ S3+3*S4+ S5+3*S6+ S7+3*S8+ S9+3*S10+S11+3*S12. Etterpå deler ein resultatet på 10 og set resten lik kontrolltalet S13. Denne såkalla MOD10-metoden, Luhn-algoritmen, gir stort sannsyn for å finna einskilde feil. Er det fleire feil, minkar sannsynet for å finna feil, avsluttar Borge.

Eg takkar Inger Christin Borge for den morosame halvtimen med strekkodar, og eg får lyst til å høyra med GS1 Norway om det er noko nytt på gang. Eg får gleda av å prata med eksperten Terje Menkerud. Han fortel meg om mengda av ulike strekkodar vi har i verda, og alt dei kan brukast til. Laserskannarane i butikkane vert no erstatta av biletebaserte lesarar for å førebu oss på den nye tida. 13EAN har vore med oss sidan syttitalet, men er på veg ut. Kva som kjem? Vel, du har alt sett dei komme snikande: QR-kodar. Dei kan bera vesentleg meir informasjon enn strekkodane.

Har dette djupdykket i strekkodar vore fullstendig nyttelaust og fåfengt av den grunn? Nei, sjølvsagt ikkje. Med kunnskap om strekkodar er det lettare å skjøna dei meir kompliserte QR-kodane vi skal kosa oss med ein annan fredag.

Per Thorvaldsen

Per.Eilif.Thorvaldsen@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis