Teknologi
Sjølvsagt har me mobilmast på Høgskulen på Vestlandet
Figur 1. Med datanett skal landet byggjast.
Somme surrar rundt og finn Pokémonar. Rørslene mine er meir målretta. Eg samlar på mobilmaster. I meir enn tjue år har eg hatt denne hobbyen. Vel, det er vel meir ein yrkesskade frå mitt tidlegare liv som radioplanleggjar.
No sit eg på ein liten knaus kalla Signalen i Stavern som har fantastisk utsikt i alle retningar. Eg noterer koordinatar, tek bilete rund baut og myser i kikkerten etter andre master ein kan laga robuste nettverk og redundante ringar med.
Så var det sjølve mobilmasta. Her er inga. Kva gjer eg så her? Det er heilag grunn. Her byrja telekommunikasjonen i Noreg for cirka 200 år sidan fordi Napoleon herja på kontinentet. Ein vakker kopi av den optiske telegrafen er sett opp for å minna oss om at me alle berre er ein del av ein historisk prosess.
Eg tek bilete av telegrafen og får også med meg tre inkjeanande kvinner som knipsar med mobilen i hytt og vêr mot alt anna enn det som har namngitt knausen.
No er det 5G som skal byggjast ut. 5G står for femte generasjon av mobilnettverk. Kva skal me med det? Brorparten av telekommunikasjonen er no mobil, takk vera iPhone, som kravde like mykje kapasitet same kor ein var. 5G er ei radikal modernisering for å leggja til rette for ei rad nye tenester. Sjølvsagt handlar det om meir kapasitet og større fart, men òg om høgare oppetid, robustleik, kortare responstid, indre oppdeling av nett, saumlaus overgang til wifi og tilrettelegging for internett av ting (IoT). Sidan me vil verta meir og meir avhengige av robust elektronisk kommunikasjon, må også dei delane av nettet som me ikkje ser, rustast opp.
Eg sit og kosar meg med den offentlege rapporten «Robuste og sikre nasjonale transportnett – målbilder og sårbarhetsreduserende tiltak» frå Nasjonal kommunikasjonsmynde (NKOM). Kva som står i den ikkje-offentlege versjonen, torer eg ikkje tenkja på. Noregs problem byrja der eg valfarta i byrjinga av milleniet, nemleg på St. Olavs plass i Oslo. Vår einaste fiber til utlandet var forankra der. Boka mi om nettverkstopologi kallar sånt «single point of failure». No er det sjølvsagt fibrar i aust og vest, bokstaveleg talt, ut av landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.