Teknologi
Signal
Foto: Tore Meek / NTB
Når du er på fjelltur, går du kanskje i eit lite dalsøkk og legg merke til at du ikkje har samband på mobilen lenger. Vi seier gjerne at vi ikkje har signal. Viss du er uheldig og vrikkar foten akkurat då, må du krabbe heile vegen opp til ein åskam før du får signal igjen og kan ringe etter hjelp.
Omgrepet signal kjem av det latinske ordet signum, som betyr merke eller teikn, og på mange språk er det også eit verb som på norsk vert å signalere: å lage teikn til andre. I vår tid er signal noko vi knyter mest til elektronisk kommunikasjon. Vi sender og mottek signal som vert frakta gjennom ein teknisk infrastruktur.
Når vi snakkar om signal, må vi skilje mellom det fysiske fenomenet som representerer signalet – signalberaren – og sjølve signalet, som er teikna vi kan tolke ut av signalberaren. I eksempelet vårt er det mobilsambandet som er signalberaren, medan dei lydbølgjene stemma skaper, er signalet. Vi kan skilje mellom signal ut frå to dimensjonar – om dei er naturlege eller kunstige, og om dei er analoge eller digitale.
Naturlege signal er dei fysiske fenomena menneske (og dyr) kan sanse og handle ut frå, og dei uttrykka dei kan lage for å sende teikn til andre. Eit dyretråkk viser at det stadig går sau eller hjort forbi, sjølv om dei ikkje prøver å formidle det til nokon. Når hjorten brøler i paringstida, kan det vere signal til mogelege partnerar eller truslar til konkurrentar, og menneska kan også lære seg å tolke dei.
Signalet kan vere analogt eller digitalt. Lydbølgjene frå eit rop er analoge i den forstand at dei varierer over kontinuerlege verdiar. Jo meir energi som vert brukt til å brøle, jo høgare vert lyden av brølet. Det går an å tenkje seg naturlege signal som er digitale. I tropiske strøk har giftige slangar gjennom evolusjonen utvikla sterke fargar for å åtvare fiendar om at dei er farlege – «Ligg unna!» Evolusjonen har jo sjølvsagt gjort at også ikkje-giftige slangar får sterke fargar. Signalet er det same, men det er ikkje lenger sant.
Naturlege signal kan lagast utan moderne teknologi og vert uttrykt på alle dei måtane kroppens sanseapparat er i stand til å fange opp. Kunstige signal er menneskeskapte teikn som vert formidla med teknologiske signalberarar. Vardebrenning er eit kunstig digitalt signal som fortel om fiendens flåte er på veg eller ikkje. Viss bålet er på er det fare, men viss det er av kan du ta det roleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.