Teknologi

Samtalar med mor

Med Komp kan mor snakka med kven ho vil av familie og vener utan å plagast med teknologi. Det er berre éin knapp, for volum, og denne skrur òg av skjermen når mor vil ha fred.
Med Komp kan mor snakka med kven ho vil av familie og vener utan å plagast med teknologi. Det er berre éin knapp, for volum, og denne skrur òg av skjermen når mor vil ha fred.
Publisert

Eg er ein mammadalt. Då far min døydde i 2005, sa eg til meg sjølv at eg skulle snakka med mor kvar einaste dag for at ho ikkje skulle føla seg einsam. Med eigen familie og born i tenåra kunne eg ikkje vitja henne kvar dag, sjølv om eg hadde ynskt det.

Eg kjøpte handsfree til telefonen og starta å ringja hennar i køen mellom arbeid og heim. Den køen var legendarisk, og samtalane kunne verta episke. Bortsett frå eit lite hòl i dekninga ved Søreide vart det lange, gode samtalar. Me prata om alt ei mor og ein son kunne prata om og litt til. Alle samtalane enda med «Mor, no sit eg i garasjen».

Diverre fekk me firefelt og tunnelar i 2011, og heimferda vart for stutt i tid og rom for den gode samtalen.

Andlet til andlet

Eg føretok då ei dårleg avgjerd. Eg kjøpte ein PC med Vista operativsystem for å få andlet-til-andlet-kommunikasjon med mor. Katastrofe var berre forbokstaven. Vista køyrde PC-en i senk, og eg vart PC-support for mor i staden for son. Er det mogleg å hata eit operativsystem? Ja, Vista hadde uvener verda over.

Ved eit lukketreff fann arbeidsgjevar ut at eg trong ein iPad, slik at eg kunne sitja i møte og sjå viktig ut. Eg berre heldt fram med å skriva med blyant dersom det skulle koma noko som var verdt å notera. iPaden tok eg med heim. Kona brukte han til å surfa på nettet, men eg fann ut at det var mogleg å kommunisera andlet til andlet med iPaden. Mor fekk ein til åremålsdagen då ho fylte 80.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement