Protokollar
DATA: Mottakardatamaskina brukar same protokoll for oppdeling og samansetjing av pakkane som sendarmaskina. Kva veg pakkane tek gjennom nettverket, spelar då mindre rolle. Prinsippet vert kalla pakkesvitsjing, og protokollen vert kalla TCP/IP.
Illustrasjon: https://networkencyclopedia.com/packet-switching
Alle diplomatar gyste då Biden for nokre månader sidan kalla Putin for drapsmann. Det er ikkje slik ein snakkar om ein ønskjer å halde kommunikasjonslinjene mellom nasjonane opne. Det finst protokollar for korleis ein skal kommunisere på dette nivået, og fornærmingar må uttrykkjast på meir subtile måtar enn det Biden gjorde.
Protokollar er reglar for kommunikasjon. Dei spelar ei viktig rolle for oss alle i dag, ikkje berre fordi diplomatar brukar dei for å halda det rimeleg fredeleg i verda, men også fordi protokollar er avgjerande for informasjonsflyten på internettet. Vi må ha vel definerte og 100 prosent presise reglar for å sikre at informasjonen som flyttar seg rundt på nettet, vert formidla korrekt.
Det finst protokollar på alle nivå i datakommunikasjonen. Til dømes finst det reglar om korleis ein bit vert representert om vi sender han som straum, lys eller radiobølgje. Bits er dei minste informasjonsberande einingane vi har i datasystem, dei tek verdiane 0 eller 1. Viss telefonen din representerte 0 med eit anna radiosignal enn det basestasjonen til Telenor brukar, ville det ikkje vere mykje meining i kommunikasjonen.
Når ein først er samde om den fysiske representasjonen av informasjon, finst det nye lag med protokollar som tek seg av kommunikasjon på høgare nivå. Datalinklaget handlar om korleis ein skal etablere kommunikasjon frå ei eining, ein smarttelefon eller ei datamaskin, til ei anna eining. Det kan til dømes vere koplinga mellom mobiltelefonen og den trådlause høgtalaren. Dette liknar på gamle dagar då vi hadde ein telefon i gangen. Når han ringde, visste vi at nokon ville snakke med oss. Vi løfta opp røyret og sa «det er hos Johnsen», og så var kommunikasjonen mellom to partar etablert. Det fanst analoge reglar for korleis denne kommunikasjonen skulle etablerast og haldast ved like.
Men datanett er mykje meir kompliserte enn direktelinjer mellom dei forskjellige kommuniserande dingsane. Internettet er bygd opp av elektriske kablar, radiolinkar og optiske kablar, og mellom desse er det datamaskiner kalla nodar. Dei har som hovudoppgåve å ta imot informasjon frå ulike kjelder og sende dei vidare til andre nodar. Det finst sjølvsagt protokollar for korleis ein kan kommunisere frå ei datamaskin til ei anna gjennom dette nettverket av nodar. Til dømes er det spesifisert korleis alle datamaskiner har unike adresser i eit spesielt format, ei såkalla IP-adresse. Dei fortel noko om kvar maskina er i det store internettet (IP = «Internet protocol»).
Når datamaskina di ønskjer å sende data til ei anna datamaskin, lagar ho ei pakke med informasjon som skal sendast til den aktuelle adressa. Denne pakka vert delt opp i mindre pakker som vert sende ut på internettet. Datanettverknodane formidlar pakkane vidare til nye nodar i retning mottakarmaskina. Alle dei små pakkane treng likevel ikkje ta same vegen fram gjennom nettverket. Det kan til dømes vere for liten kapasitet på enkelte linjer.
Mottakarmaskina brukar same protokoll for oppdeling og samansetjing av pakkene som sendarmaskina. Pakkene er nummererte, og difor kan informasjonen setjast saman igjen etter kvart som pakkene kjem fram, og til slutt har all informasjonen vorte montert saman igjen og er lik den som var send ut. Dette prinsippet vert kalla pakkesvitsjing, og protokollen for dette vert kalla TCP/IP (transmission control protocol / internet protocol).
Det er litt tilfeldig at vi brukar TCP/IP som hovudprotokoll for internettet. Andre protokollar kunne også ha fungert godt. På 1980–90-talet hadde vi ein slags «protokollkrig» mellom den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO og tele- og IT-gigantane på den tida. ISO jobba for sakte med sitt forslag til internettprotokoll. Dei vart rett og slett ikkje samde med seg sjølv, og vi enda opp med TCP/IP.
Ein viktig protokoll i samtidas internett er http. Du har sikkert sett at starten på ei vevadresse gjerne er «https://». Http står for hypertext transfer protocol og inneheld reglar for korleis vi skal overføre tekstlege data. S-en er ei forkorting for secure socket layer og viser at vi brukar kryptering.
Dette er ein såkalla applikasjonsprotokoll og gjer det mogleg for nettlesarar som Chrome, Safari og Firefox (og brukarane) å hente all slags vevsider, videoar og bilete og få dei vist. I http-adressa står det oftast eit namn, til dømes «https://www.dagogtid.no». Protokollen brukar ein såkalla ip-adresse-vert til å finne ut kvar på internettet denne «dagogtid.no» er, og deretter vert søket dirigert til den maskina. Dette er usynleg for deg som brukar, men er mogleg fordi vi har TCP/IP og dei andre laga av protokollar.
I http-protokollen vert det ofte sendt med anna informasjon som Dag og Tid-maskina treng for å vise rett artikkel på nettlesaren. Det kan vere brukarnamn som gjer det mogleg for Dag og Tid å vite om brukaren har betalt abonnementet og skal få sjå heile artikkelen. Det kan òg vere ein peikar til ein interessant artikkel, til dømes «https://www.dagogtid.no/feature/krypterte-handtrykk-6.3.19927.e9026641af».
Bjørnar Tessem og Lars Nyre
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Protokoll-krigen på 80- og 90-talet mellom teleselskap og styresmakter handla om korleis protokollane for internettet skulle sjå ut.
Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.