JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Nøkkelkort

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Du kan halde eit firkanta kort i plast nær ein svart liten boks ved sida av ei dør, og så opnar døra seg. Sesam, sesam!

Foto: Wikimedia Commons

5715
20220826
5715
20220826

Arthur C. Clarke var ein vitskapsmann og science fiction-forfattar som er kjend for å ha sagt at når ein teknologi vert tilstrekkeleg avansert, er det umogleg å skilje han frå magi. Sjølv dei som er ekspertar, skjønar knapt korleis det går an, og vanlege folk kan føle at det nesten er overnaturlege krefter med i spelet.

Vi kan gå bort til ei dør med eit firkanta kort i plast, halde kortet nær ein svart liten boks ved sida av døra, og så opnar døra seg. Sesam, sesam! Dei færraste kan forklare kva som skjer. Men vi er ikkje overtruiske, og vi veit at nokon har funne opp dette. Det er ikkje magi.

Vi kan identifisere oss med både nøkkelkort, bilnøklar, Autopass, betalingskort og mobiltelefonar, og nyttige handlingar skjer heilt av seg sjølv. Dette utstyret brukar radiosignal til å fortelje anna utstyr at no er du til stades. Alle desse forskjellige nøkkelkorta identifiserer oss og retten vår til å få tilgang til noko.

Mark Weiser skreiv tidleg på 90-talet at datamaskiner til slutt kjem til å forsvinne frå medvitet vårt fordi vi ikkje lenger kan skilje dei frå omgjevnadene. Det er akkurat ei slik verd nøkkelkortdingsane deltek i å skape. Både menneske og ting har nøkkelkort som opnar eller stenger dører, og som set i gang prosessar eller lèt vere fordi vi ikkje har betalt eller ikkje har rett status. Vi ser byrjinga på ein digital omgjevnad der teknologien er integrert i det meste vi gjer, og der vi ikkje treng tenkje over at vi interagerer med den heile tida.

Slike «nøkkelkort» eller identifiseringsteknologiar er òg i bruk i ei mengd andre formål enn dei reint personlege. Gjenstandar som bosspanna er mange stader merkte med såkalla RFID-brikker, og det same gjeld medisinsk utstyr på sjukehusa. Vi må òg nemne transportbransjen. Alle konteinarane på dei store skipa frå Det fjerne austen og på godstoga har RFID (radiofrekvensidentifisering) som gjer det mogleg å kjenne att kvar enkelt og styre kvar dei vert sende i omlastingshamnene.

Av og til kallar vi dette RFID, og av og til NFC (nærfeltkommunikasjon). RFID vert gjerne brukt om ein snakkar om identifiseringsteknologi, medan termen nærfeltkommunikasjon vert brukt om trådlaus kommunikasjon mellom ting som er nær kvarandre. RFID nyttar altså nærfeltkommunikasjon.

Dei enklaste RFID-korta eller -brikkene har berre ein talkode som identifiserer brikka eller kortet. Dei er i stand til å fungere som sendarar av denne informasjonen, sjølv om dei ikkje har noka straumkjelde.

RFID-lesarar sender eit svakt høgfrekvent elektromagnetisk signal for å kunne identifisere eventuelle RFID-brikker i nærleiken. Somme lesarar står alltid på, andre må aktiverast. Om ei RFID-brikke er nær lesaren, til dømes ein skannar hjå bosstømmarane, vil dette signalet vere sterkt nok til å indusere litt elektrisk straum i brikka.

Denne straumen fører til at identifikatoren vert returnert i eit radiosignal. Lesaren tar imot identifikatoren og kan vidare sette i gang det som må til av prosessar knytte til denne identifikatoren. Han kan registrere kven sitt bosspann som vart tømt, eller kvar det medisinske utstyret er lokalisert. Slike RFID-brikker kan berre sende veldig svake signal og lèt seg ikkje lese på lenger avstand enn 10–15 centimeter.

Nøkkelkorta vi brukar på hotell, fungerer på same måten, bortsett frå at dei er moglege å skrive på. Under innsjekkinga i resepsjonen vert romnummer og kva tidspunkt du har tilgang til rommet, lagde inn i kortet. Lesaren på kvart rom vil berre godta rett romnummer innanfor rette tidsintervall og opnar berre døra viss du har denne informasjonen i orden.

Når vi køyrer forbi ein Autopass-lesar, kan vi sjølvsagt ikkje vere innanfor 15 centimeter. Derfor er Autopass-brikkene utstyrte med batteri, slik at dei kan lesast på mykje større avstand. Lesarane sender ut eit signal med lågare frekvens og lengre rekkevidde. Brikkene responderer med å sende eit signal med brikkeidentifikatoren. Denne kommunikasjonen fungerer på opp til 10–15 meters avstand.

Brikkeidentifikatoren vert kopla med bilnummer og eigar i databasane til bompengeselskapet, og du får etter kvart ei samlerekning i nettbanken. Då oppdagar du kor hyppig tenåringen som nettopp har fått førarkort, faktisk kryssar bomringen med bilen din.

Batteridriven RFID vert òg brukt for konteinarar. Når mannskapa på konteinarterminalen går omkring, les dei identifikatoren til kvar konteinar på nokre meters avstand. Informasjonen kan brukast til å sørge for rett omlasting, men òg til sporing av skoa du har kjøpt på Zalando.

Bankbransjen i Noreg er gjennomdigitalisert, og dei har sjølvsagt tatt i bruk nøkkelkortteknologien. Vi kan no betale for varer med kontaktlaus «tæpping» via betalingsterminalen. Vi kan òg betale med mobiltelefonen. Dagens mobilar har innebygd maskinvare for nærfeltkommunikasjon og kan late som om dei er RFID-kort tilpassa ulike behov. Apple Pay og Google Pay har mange brukarar, og denne populære betalingsmåten er basert på at mobilen din kan fungere som eit RFID-bankkort.

Mobilen kan òg fungere som ein nøkkel til hotellrommet. Dette er no eit tilbod hos mange hotellkjeder. Vi sjekkar inn i appen deira og får tildelt eit rom. Når vi kjem til hotellet, går vi rett forbi resepsjonen og fram til døra på rommet vårt. Vi opnar appen og legg mobilen borttil dørlåsen. Appen og mobilen lèt som dei er eit nøkkelkort og sender akkurat den informasjonen som dørlåsen treng. Sesam, sesam! Vi er inne på rommet og kan tenkje på andre ting enn nøkkelteknologiar og den tilsynelatande magiske krafta deira.

Bjørnar Tessem
og Lars Nyre

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Både menneske og ting har nøkkelkort som opnar eller stenger dører, og som set i gang prosessar eller lèt vere fordi vi ikkje har betalt eller ikkje har rett status.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis