JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Mikromobilitet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utsikt frå Fløyen. Med litiumbatteri og ny motorteknologi er problemet med topografi løyst. Ein kan sykla overalt utan å anstrenga seg.

5834
20220218
5834
20220218

Eg ser ut over Bergen frå Rundemanen. Eg har elsykla til 569 moh. utan å verta sveitt. I siste bakken vart eg forbikøyrd av ei dame på elsparkesykkel og ein far med to ungar i ein kasse på elsykkelen sin. Med ny teknologi er gravitasjonen oppheva, og terrenget er vorte flatt.

Eg set meg ned i graset og les byrådet i Bergens handlingsplan for sykkelsatsing. Eit strålande dokument med konkrete og gode planer. Lat oss vona at det vert omsett i handling, sjølv om politikarane truleg får budsjettsjokk når dei oppdagar at sykkelvegar er om lag like dyre som andre vegar.

Planen nemner knapt elsyklar og har ikkje eitt ord om elsparkesyklar som har revolusjonert måten ein ferdast på på korte strekningar.

Det er vanskeleg å planleggja, særleg framtida. Salige John Lennon sa det så viseleg: «Life is what happens to you while you’re busy making other plans». Så vart han skoten.

Den teknologiske utviklinga går no så fort at det nærast er uråd å planleggja. Eg hugsar godt ein konferanse om intelligent transport som eg deltok på i 2015. Der la ein store planar om å fylla vegbanen med kablar, slik at ein kunne få køyretøy til å verta sjølvkøyrande. Det ville kosta meir enn skjorta, og no, sju år etter, klarar køyretøya seg på eiga hand.

Det som manglar fullstendig i byrådets handlingsplan for sykkelsatsing, er stemmene frå dei som skal bruka herlegdomen. Byrådet hevdar å ha sendt ut eit spørjeskjema, men eg ser ikkje resultata nokon stad.

Eg tok eit standpunkt ein vinterdag i 1978. Eg kubba min siste røyk framfor gymnaset og gjekk ned i Skostredet. Der kjøpte eg ein racersykkel, og eg har ikkje sett meg tilbake. Eg starta ei folkerørsle som har vakse seg enorm og ikkje er til å stoppa. Då elsykkelen kom, kalla me det juks, og elsparkesykkel vert sett på som eit samfunnsproblem.

Kva er det byrådet har gløymt i planen sin? Dei tek ikkje innover seg at framveksten av elsyklar og elsparkesyklar fullstendig endrar spelereglane. Bergen er plaga av topografi. Men topografien har ny teknologi fjerna effekten av, og ein kan dermed planleggja sykkelvegar overalt.

I Bergen har me ei fin låneordning for syklar. Det er berre eitt problem: Syklane er ikkje elektriske. Dersom dei hadde vorte bytte ut med elsyklar, hadde aksjonsradiusen vorte mykje større. I tillegg ville elsparkesyklane som ligg og flyt overalt, fått ein verdig konkurrent.

Det er ikkje til å koma forbi at elsparkesyklar er farlege i urette hender. Rett nok er elsparkesyklar som skapte for å brukast saman med kollektivtrafikk, men då må ein planleggja gode sykkelvegar frå kollektivknutepunkta. For oss som har budd ei stund i Bergen, er ikkje regn og sludd noko nytt. Det står ikkje eitt ord om å byggja tak over sykkelvegane.

På Gardermoen har dei tak mellom flyplassen og det næraste hotellet eit steinkast unna, og der regnar det jo sjeldan. Rett nok er me så heldige å få verdas lengste oppvarma sykkeltunnel på tre kilometer, men det er berre ei følgje av bybana og kjem ikkje av medveten politikk.

Så er det alle dei plagsame tjuveria. Ikkje eitt ord i handlingsplanen. Slik det er no, tør ikkje eg setja frå meg den nye sykkelen min på gateplan i Bergen. Heldigvis kan eg med ny teknologi snart setja han frå meg ulåst med alarm på mobilen, GPS-sporing, bilete av tjuven og fjernstyrt sperring av all funksjonalitet.

Det får vera nok sure oppstøytar. Lat oss sjå på den gilde planen frå utvalet som var nøye utvalt. Målet er at 10 prosent av innbyggjarane skal sykla innan 2030. I den nye strategien går ein vekk frå skiljet mellom hovudruter og bydelsruter. Ein legg opp til å byggja innanfrå og ut både i sentrum og i bydelssentruma for å få flest mogleg til å velja sykkel. Sykkelnettet skal også prioriterast i all utbygging. Det er fantastisk musikk i øyra til ein som har sykla med livet som innsats i meir enn 40 år.

Då eg såg planen fyrste gong, fekk eg sjokk. Det såg ut som om dei hadde planlagt sykkelveg rett gjennom hagen min i Fyllingsdalen. Det viste seg ved nærare ettersyn å vera feil, men eg har fått sykkelsti rett utanfor gatedøra, som kan ta meg kor som helst i Bergen.

Som ein ser av figur 1, skal alle sykkelvegane me har i dag, knytast saman. I tillegg vil me få ei rekkje nye som vil gjera det lettare å ta seg frå A til B. Den stipla linja i det høgre kartet er den tre kilometer lange tunnelen som knyter forstaden Fyllingsdalen saman med Bergen sentrum på saumlaust vis. Til og med Arna har dei tenkt på. Det skal verta gratis å ta med seg sykkel på toget til Arna, og der skal ein også byggja lokalt sykkelnett. Det er berre éin ting dei har gløymt å teikna inn på kartet: alle dei flotte turvegane ein kan sykle.

No har dei som styrer, subsidiert elbilar i meir enn ti år. Kanskje det er på tide å ta den nye røynda innover seg? Det er ei teknologisk banebrytande endring på gang. Mikromobilitet er framtida. Kva med å subsidiera elsyklar i staden for elbilar? Det ville kosta staten vesentleg mindre, og miljø- og helsevinsten vil verta mykje større. Kanskje skulle kommunen berre sørgja for at det stod elsyklar overalt til fri disposisjon? At den nye teknologien gjer det mogleg, har jo utleige av elsparkesyklar vist.

Framtida vil verta ein fest. Eg kan sykla heimanfrå til jarnbanen og ta sykkelen med meg på toget for ein billeg penge. Frå Oslo S kan eg så trø utan slit på gilde stiar til hytta mi ved Sognsvann. Ein kan verta miljøaktivist av mindre.

Per Thorvaldsen

per.eilif.thorvaldsen@hvl.no>

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kva med å subsidiera elsyklar
i staden for elbilar?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis