JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Med naturen som læremeister 

Messerschmitt 262 er den vakraste drapsmaskinen som nokon gong er laga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Svala var modell for dei skråe vengjene til Messerschmitt Me 262.

Foto: USAF museum / Wikimedia Commons

4556
20240216
4556
20240216

Sjølv realistar treng ferie. Eg sit på ein krakk i morgonsola på Hasselgarden og pratar med vertinna. Jomfruland er himmel på jord, og når eg ser opp, er lufta fylt med svaler.

Der rauk den ferien. Eg byrjar å tenkja på verdas fyrste jetjagar, Messerschmitt 262, som er den vakraste drapsmaskinen som nokon gong er laga.

Tyskarane kalla flyet «Scwalbe», for dei hadde stole ideen med å bøya vengjene bakover frå svaler. Slike vengjer gjev særs god stabilitet ved høg fart. Jomfruland er eit fugleeldorado, og eg vert nok aldri nokon ornitolog.

I neste setning fortel vertinna at det er seglarar, ikkje svaler som flyg over hovudet på oss, og dei er skapte for eit liv i lufta med dei effektive og vene vengjene sine. I seglflukt ser forma deira ut som Jomfruland sett ovanfrå.

Ideen om borrelåsen

Leonardo da Vinci studerte fuglar noggrant då han prøvde å laga flygemaskinar alt på 1400-talet, men det var Otto Lilienthal som fyrst klarte å flyga med glidefly og løysa stabilitets- og manøvreringsproblema. Seinare sette brørne Wright på motorar som gjorde det mogleg for mennesket å flyga fritt som fuglen.

Eg ser ned på beina. Eg har vassa i krattet i fleire dagar, og strømpene er fulle av barnåler og frøkapslar som eg har sopa opp på min veg. Eg prøver å fjerna naturen, men han sit godt i. Det same oppdaga sveitsaren George de Mestral i 1941. Han studerte frøa som festa seg på han og andre dyr for å spreia seg, og fann ut at dei hadde krokar i endane. Dermed var ideen om borrelåsen fødd.

Frå isfugl til japansk tog

Det er god grunn til å leita etter svar på teknologiske utfordringar i naturen. Evolusjonen har jo brukt lang tid på å koma fram til ei optimal utforming. Likevel er ikkje alt naturen kjem fram til, intelligent design. Ta oss sjølve, for eksempel. Å ha mat- og pusterøyr tett i tett er jo lite lurt, og det at me går på to bein, har gjort fødslar til eit mareritt.

Isfuglen gav ideen til forma på Shinkansen-toget.

Foto: Derek Keats / Wikimedia Commons

«Ved å forma lokomotivet som hovudet på ein isfugl sytte dei for at det bråka mindre.»

På Jomfruland er det eit yrande fugleliv, og eg vandrar rundt for å sjå om eg kan finna nokon artar eg ikkje har sett før. Eg stoppar opp ved Tårntjørnet, der det vert sagt at Theodor Kittelsen måla «Nøkken» i 1893.

Eg er meir interessert i å sjå om det er isfugl her. Isfuglen har eit nebb og ein hovudfasong som gjer at han bryt vassflata lydlaust og dimed fullstendig overraskar byttet. Denne eigenskapen vart nytta då det japanske toget Shinkansen vart formgjeve. Ved å forma lokomotivet som hovudet på ein isfugl sytte dei for at det bråka mindre, og smella inn og ut av tunnelar forsvann. På grunn av forma kan toget gå 10 prosent raskare og spara om lag 15 prosent energi.

Shinkansen er eit av dei beste døma på biomimikk, der ein lærer av naturen.

Foto via Wikimedia Commons

Eg kjenner meg med eitt urven. Blodsukkeret har vorte lågt. På Jomfruland har dei ikkje handelsmann, men heldigvis ein liten kafé. Etter eit wienerbrød og ein softis kan eg snakkast til igjen. I kroppen er det mange reguleringssystem, blant anna for blodtrykk, blodsukker og kroppstemperatur.

Under og rett etter krigen utvikla Robert Wiener med vener den såkalla kybernetikken der dei såg på samanhengen mellom kroppens reguleringssystem og korleis teknologiske prosessar kunne styrast med negativ tilbakekopling.

Ein finn reguleringsteknikk i om lag all teknologi. James Watt var den fyrste til å bruka det i dampmaskinen sin for å få jamt turtal. Kybernetikarane trudde dei kunne løysa alle tekniske utfordringar i verda på byrjinga på femtitalet.

KI etterapar hjernen

Eg vandrar over jorda der kyrne går fritt. Overalt er det kuruker fylte med E. coli-bakteriar. På grunn av den enkle oppbygginga er den bakterien favoritten til bioingeniørane. No har han vorte genmanipulert slik at han kan produsera store mengder insulin til dei som lir av sukkersjuke. Eg trakkar i ei ruke og bestemmer meg for å ta eit bad.

Etterpå ligg eg på eit svaberg og kjenner varmen frå sol og berg etter å ha lauga meg i oldemors badekar, som er ein saltvasskulp varma opp av sola. Eg tenkjer så det knakar. No er det kunstig intelligens som har teke over rolla til kybernetikken som løysinga på alt. Kunstig intelligens etterapar hjernens nevrale nettverk og kan hjelpa oss med å finna svara me treng. Det er berre å stilla dei rette spørsmåla.

Kan den ikkje optimale fotosyntesen verta betra slik at me kan få omdanna meir energi, eller kan me finna ein enkel metode for å kopiera sola på jorda? Kan maskinene rettleia oss til å stilla dei rette spørsmåla? Me treng hjelp.

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis