JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Mark 53

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Luftvern på USS «Hornet» under andre verdskrig.

Kjelde: US Navy

5136
20230825
5136
20230825

Meir drap per dollar. Eg vart heilt forferda av reklamen i mikrobylgjeblada me las på jobben på åttitalet. Sjølvsagt driv krig fram nyskaping, men å lesa det svart på kvitt var vondt. Ifylgje militærteoretikaren Carl von Clausewitz er krig ei makthandling for å tvinga fienden til å gjera det me vil.

Til det trengst det ressursar og logistikk. Når millionar av unge menn vart sende i kjøtkverna under fyrste verdskrig, var det av di jarnvegen gjorde det mogleg. Krigen i Ukraina viser klart at logistikk og effektive våpen er viktig. Invasjonen slo feil, men luftvernet til dei stridande partane fungerer derimot tilnærma perfekt.

Til kvart nytt våpen vil det verta laga eit motvåpen. Dette er historia om nærleiksbrannrøyret Mark 53. Under slaget om Storbritannia var himmelen fylt av tyske fly og bombene deira. Det fanst nærast ikkje motmiddel, for antiluftskytset var ekstremt ineffektivt. For kvar granat som vart skoten opp, måtte dei bruka kvalifisert gjetting om flyets framtidige posisjon og så rekna ut bana til granaten. Dessutan var brannrøyret som sprengde granaten, manuelt tidsinnstilt. Dei skaut om lag 2000 granatar per nedskote fly.

Nærleiksbrannrøyret Mark 53.

Nærleiksbrannrøyret Mark 53.

Kjelde: Wikipedia

Løysinga var å laga eit brannrøyr som vart tent når granaten var i nærleiken av flyet. Korleis skulle dei gjera det? Ved å bruka ein radar som sat i nasen på granaten. Han sende ut eit sinussignal på 200 MHz som vart reflektert tilbake når det trefte flyet. Sidan fly og granat hadde ulik fart, vart frekvensen på det reflekterte signalet ulikt det utsende. Dei fekk dopplereffekt der den reflekterte frekvensen auka med om lag 200 til 800 Hz. Så laga dei ein detektor som fekk granaten til å eksplodera når det reflekterte signalet var sterkt og granaten i nærleiken av flyet. Då granatar med Mark 53 brannrøyr vart tekne i bruk, gjekk talet på granatar per nedskote ned til 100.

Då dei skulle laga Mark 53, fekk dei mange utfordringar. På den tida hadde dei berre store, skøyre radiorøyr. I ein granat måtte elektronikken tola ein akselerasjon på 20.000 gonger større enn tyngda sin akselerasjon og lagast i miniatyr for å få plass i granaten. Dei løyste problemet ved å laga eit lite og solid radiorøyr som brytar og setja det saman med elektronikk på ein trykt krins.

Ja, Mark 53 hadde det første masseproduserte krinskortet der elektronikken var prenta på. Straumforsyninga vart løyst på ein genial måte. Ein hadde tørre battericeller som vart aktive når dei vart tilførte elektrolytt ved avfyring. Elektrolytten låg i ein glaskolbe som vart knust ved avfyring, og rotasjonen til granaten sørgde for at dei omliggjande battericellene blei våte og dimed leidde straum som skrudde på radaren. Granatar med Mark 53 var særs trygge å lagra og transportera, ettersom det måtte hurtig rotasjon til for å aktivera straumforsyninga.

Mange meiner at atombomba var det mest avgjerande teknologiske framsteget under andre verdskrigen, men Mark 53 spela nok ei viktigare rolle som våpen under krigen og etterpå med tanke på utvikling av elektronikk. Dei allierte var så redde for at fienden skulle få nyss om dette brannrøyret, at dei sørgde for at det var mange ulike produsentar som laga dei ulike delane utan å vita kva sluttproduktet var.

I tillegg vart det bestemt at Mark 53 berre skulle brukast i Stillehavskrigen, slik at udetonerte granatar kunne søkkja i havet med løyndomen sin. På det meste vart det produsert 250.000 Mark 53 i veka.

 Krinskorta til Mark 53.

Krinskorta til Mark 53.

Kjelde: Wikipedia

Den første granaten med Mark 53 vart avfyrt i januar 1943 frå den amerikanske kryssaren «Helena» og skaut ned eit japansk fly. I rein desperasjon byrja japanarane etter kvart å bruka utrente kamikazepilotar som levande flybomber. Problemet for dei var at det var fåfengt, for dei vart møtte av ei skur av Mark 53-granatar. I mai 1945 vart to amerikanske destroyerar angripne av 150 kamikazefly utanfor Okinawa. Takk vera granatar med Mark 53 vart alle flya skotne ned.

Då D-dagen kom, byrja dei allierte å bruka granatar med Mark 53 på landjorda i Europa. Dei var ekstremt effektive ved at dei kunne sprengjast rett over bakken og spreia død og øydelegging blant fienden. Dei allierte var framleis redde for at Mark 53 skulle falla i hendene på fienden, og udetonerte granatar vart samla inn.

Då tyskarane på nytt tok til å bomba sivile mål i England med V1 i juni 1944, vart britane berga av Mark 53. Med amerikansk eldleiingsradar og granatar klarte engelskmennene å skyta ned over 80 prosent av dei innkomne V1-bombene etter berre få månader. I dag skyt luftvern ned nærast alt som kjem innanfor rekkjevidd. Eg lurer på kva motmiddel som vil koma mot dette effektive våpenet.

Stutt etter krigen vart løyndomen om Mark 53 avslørt. Skulle du ynskja å lesa meir, er det berre å google Henry M. Bonner «The Radio Proximity Fuse» og lasta ned den framifrå artikkelen hans. Alt finn me jo på internett. Problemet er berre at det mest interessante er litt bortgøymt og må betalast for.

Då eg jobba i telekommunikasjonsindustrien, trøysta eg meg med at radioane og nettverka me var med på å byggja, ikkje hadde nokon militær verdi. Vel, no har me fått cyberkrigføring. Kva er det eg har vore med på?

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis