JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Kva er eigentleg ei maskin?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei moderne maskin har fire grunnleggjande eigenskapar, seier Herbert Simon. Bilen er eit godt døme. Bilen har ein brukar med ei målsetjing, eit oppdragsmiljø der han bør fungera godt, eit ytre system som beskyttar brukaren og hjelper vedkomande å styra, og maskina har eit indre system som gjev ho kraft til framdrifta.

Teikning: Atle Skorstad

4286
20230310

Herbert Simon

Herbert Simon (1916–2001) var professor i informasjonsvitskap ved Carnegie Mellon University i Pittsburgh i USA.

Han fekk Nobels minnepris i økonomi i 1978 for forsking på «bounded rationality». Han hevda at menneske har avgrensa rasjonalitet, og at det er viktig bruka funksjonane til datamaskiner når ein skal administrera store organisasjonar.

Herbert Simon skreiv det som i mange tiår var eit hovudverk om design og teknologiutvikling, nemleg The Sciences of the Artificial (1969). Det er her me finn teorien om «adaptive maskiner».

Maskiner er viktige i det moderne samfunnet, og mange akademikarar har prøvd å forklara kva slags fenomen dette er.

Ei maskin er eit middel som menneske brukar til å endra den noverande situasjonen til ein meir ynskjeleg situasjon, seier Herbert Simon. Her brukar me motoriserte køyretøy som traktor og bil for å forklara poenget hans.

Traktoren er meint å letta det harde arbeidet med å pløya, harva og slå graset. Ein SUV gjer det mogleg å ta med seg ungar, skiutstyr og matvarer på hytta i allslags vêr.

Slike maskiner hjelper folk å oppnå det dei ynskjer på ulike område.

Maskiner er særleg tilpassingsdyktige dersom dei har fire eigenskapar som Herbert Simon peikar ut. Det må vera eit veltilpassa forhold mellom desse eigenskapane for at maskina skal kunna skapa ynskjelege situasjonar, seier han.

Éin: Maskina må ha ein brukar, og i vårt eksempel er det sjåføren. Sjåføren må ha visse målsetjingar som gjer at han vel å bruka akkurat denne typen køyretøy. Bonden treng ein kraftig farkost med lågt tyngdepunkt og store hjul, og det er ikkje så nøye om han køyrer sakte. Mor treng ein bil som ho føler er trygg når ho skal bringa og henta ungane på tronge vestlandsvegar. Om det finst mange nok brukarar med det same behovet, vert det ein marknad, og selskap som Massey Ferguson og Audi produserer maskinene som trengst.

To: Maskina må ha eit oppdragsmiljø, og i vårt tilfelle er det bratte bakkar og snødekte vegar med høge brøytekantar. Dette er den naturlege og menneskeskapte omgjevnaden der maskina skal gjera oppgåvene sine. Anten må maskina lagast slik at ho fungerer godt i det aktuelle oppdragsmiljøet, eller så må oppdragsmiljøet forenklast slik at det eignar seg betre for maskina, seier Herbert Simon.

Den fyrste tida etter at bilen vart oppfunnen, køyrde folk på gamle kjerrevegar. Etter kvart bygde dei breie og slette vegar med passeleg stigning, så bilar kunne køyra fortare og ikkje verta rista i fillebitar.

Tre: Maskina må ha eit ytre system, og dette er ei grenseflate mot brukarane og oppdragsmiljøet. Både traktoren og SUV-en har karosseri med flotte fargar, dei har store vindauge og ratt som er godt å halda i. Traktoren har brytarar som styrer hydraulikk og andre tekniske innretningar, medan SUV-en har komfortable sete, dører med barnesikring og romsleg bagasjerom. For at sjåføren skal kunna oppnå målsetjinga si, må det ytre systemet vera godt tilpassa det aktuelle oppdragsmiljøet og eigenskapane i det indre systemet, seier Herbert Simon.

Fire: Maskina må ha eit indre system. Alle køyretøy må til dømes ha ein motor, hjul på aksling og utstyr til å gassa og bremsa med. Det indre systemet er dei funksjonane som sørgjer for at maskina har kraft og kan styrast.

Når det kjem nye modellar, kan det indre systemet vera dramatisk endra utan at det ytre systemet har vorte noko særleg annleis. SUV-en kan ha fått batterimotor, men har framleis store vindauge og komfortable sete. Det ytre systemet er ganske stabilt fordi det står i forhold til brukaren og oppdragsmiljøet, medan det indre systemet endrar seg oftare fordi det står i forhold til den tekniske utviklinga rundt motorar, bremsesystem og liknande.

Ei maskin endrar den noverande situasjonen til ein meir ynskjeleg situasjon, seier Herbert Simon. Dei aukar omfanget av det som er mogleg å gjera, og utvidar handlingsrommet til mennesket ved å gjera det råd for oss å leva i stadig fleire miljø.

Han viser at maskiner endrar seg i samsvar med målsetjingane til brukaren, endringar i oppdragsmiljøet og tekniske forhold i det ytre og det indre systemet. Under andre omstende ville ei maskin verta konstruert heilt annleis, og det er difor han kallar dei tilpassingsdyktige eller adaptive.

Lars Nyre

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis