Teknologi
Kjeldeopphavet
Filterhallen med dei tolv filterkammera. Dei to fortjukkarane er i enden av hallen.
Alle foto: Per Thorvaldsen
Morgonlukke. Eg fyller duralexglaset med kaldt vatn. Vatnet er heilt klårt og smakar fortreffeleg. Ein kald straum renn nedover i kroppen. Det vekkjer kjensler. Eg tek eit glas til. Kropp og sjel er verdas beste motor, og han går på vatn.
Ein time seinare, sit eg bakarst i eit flott auditorium der eine veggen er Svartediket. Eg er så heldig at eg har fått lov til å vera med ein sjetteklasse på vitjing til vassanlegget som ligg inni fjellet Ulriken. Kommunikasjonsrådgjevar Trude Haugen frå Bergen vatn gjev oss eit strålande føredrag om vatn og kva rolle det spelar for oss menneske, og fortel oss noggrant om korleis anlegget ved Svartediket verkar.
Ungane og eg kosar oss med denne gilde folkeopplysinga. Dei spør Trude, og ho svarar. Dette er verkeleg eit eksempel til etterfylging for andre verksemder.
Så kjem rundturen i anlegget som me alle ser fram til. Han går etter tala i brosjyren. Me startar med nummer 1. Vel, me kjem sjølvsagt ikkje så langt. Hòlet ut til Svartediket er tetta med ein betongpropp på 1,2 meter, slik at vatnet ikkje renn inn i anlegget. Inntaksleidninga ligg 24,5 meter under normal vasstand. Ytst på inntaksleidninga er det plassert ein sil for å hindra at større gjenstandar vert sogne inn.
Så vandrar me vidare i det kjølige anlegget til pumpehallen (2, 3, 4). Der vert råvatnet frå Svarbrostediket tilsett karbondioksid for å senka pH-verdien frå 6 til 4, altså for å gjera vatnet surare. Då vil marmorgrusen skilja ut kalsium når vatnet går gjennom sandfiltera, noko som vil auka pH-verdien igjen. Med pH på om lag 8 hindrar ein rust i leidningsnettverket.
Etterpå har ein i litt jernkloridsulfat som fell ut organisk materiale og partiklar i vatnet. Bakteriar, virus og cystar av parasittar er knytte til partiklane og dimed fell også dei ut. I rommet er det fem store elektromotorar som driv pumper. Tre av pumpene, med ein effekt på 160 kW kvar, lyftar råvatnet dei 19 metrane opp til filtersalen, der vatnet skal reinsast. Dei tre pumpene har ein kapasitet på 925 liter per sekund. I tillegg er det to 132 kW-pumper for spylevatn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.