JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Hofteprotesar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I dag er det gjerne slik at ein brukar titan, eit sterkt metall, i stammen. På enden av stammen er det ein kort «lårhals» der ein festar ei kule med overflate av metall eller keramikk

Foto: Wikimedia Commons

5353
20211112
5353
20211112

Menneskekroppen er ikkje så perfekt som ein skulle ønskje. For å bøte på dette har legekunsten utvikla ei rekkje teknologiske innretningar for å få kroppen til å fungere betre. Vi kan nemne briller, innopererte linser, beinprotesar og pacemaker. Nokre av protesane inneber kirurgiske inngrep langt inne i kroppen, til dømes hofteprotesar. Inngrepa må tilpassast menneskekroppen, men han er eit biologisk system som kan ta mange former, og som slett ikkje oppfører seg på ein føreseieleg måte. Dette skaper ekstra utfordringar for dei som skal utvikle teknologien.

Hofteprotesar er blant dei vanlegaste av slike inngrep. Desse gjer at mange av oss slepp å måtte handtere sterke smerter og rørslehemming, og med det får eit løft i livskvaliteten.

I Noreg vert det gjennomført rundt 10.000 hofteproteseoperasjonar kvart år. Kanskje 10 prosent av folkesetnaden vil ein gong i livet få sett inn ein hofteprotese.

Hofteleddet er den staden der det store lårbeinet er kopla saman med hofta. Øvst på lårbeinet er det ei kule som rører seg fritt i ein «kopp» i bekkenbeinet. For å få ein hofteprotese må ein ha ganske utvikla slitasjegikt i hofteleddet. Slitasjegikt gjev seg utslag i nedsliten brusk i leddflatene, men òg i beinvekst ved leddet på lårbeinet eller bekkenbeinet. Når ein ikkje lenger får tilstrekkeleg positiv verknad av trening og fysioterapi, vil ein kunne få utført ein operasjon. Også dei som har knekt lårhalsen, kan få protese.

Protesen består av to delar. Ein del vert festa i lårbeinet og har ein stamme, ein ny lårhals og eit kulehovud på enden. Den andre delen erstattar koppen i bekkenbeinet. Ein sagar av hoftebeinet ved lårhalsen, lagar eit hol for stammen til protesen i beinmergen på langs av beinet og festar protesen med stamme og kule der. Koppen vert festa i bekkenbeinet. Stamme, kule og kopp må vera nøye tilpassa den einskilde pasienten.

Utviklinga av hofteprotesar starta rundt 1960, og teknologien har stadig vorte forbetra ved praktisk utprøving og gode og dårlege erfaringar. Viktige element er materiale brukt i protesen, forma på protesen og korleis han vert festa. Eit viktig mål er at protesen skal vare så lenge som mogleg. Gjenoperasjon vert vanskelegare for kvar gong, og meir enn éin ny operasjon er ikkje vanleg.

Gjennom dei cirka 60 åra medisinarane har halde på med dette, har dei prøvd ut keramikk og ulike metallegeringar både for lårbeindelen og for koppen, og for ulike plasttypar i koppen. Materialet som vert brukt, må ikkje reagere kjemisk når det er på plass i kroppen, det må ikkje slitast lett ned, folk må ikkje reagere allergisk på materialet, og det må ikkje brekke lett.

I dag er det gjerne slik at ein brukar titan, eit sterkt metall, i stammen. På enden av stammen er det ein kort «lårhals» der ein festar ei kule med overflate av metall eller keramikk. Keramikk er svært glatt og har nærast usliteleg overflate, men kan gjerne knirke litt og kan lettare brekke. Difor er det vanlegare å ha ei metalloverflate på kula. I koppen er det i hovudsak ei fôring av enten keramikk eller såkalla kryssbunden polyetylen, som er eit sterkt, usliteleg plastmateriale.

Når det gjeld forma på protesen, er det lengda på stammen, lårhalsdelen og storleiken på kula og koppen som utgjer den store forskjellen. Ein kortare stamme gjev eit mindre inngrep og kan gjere gjenoperasjon lettare, men han sit kanskje ikkje like godt. Større kopp og kule minskar sjansane for at beinet går ut av ledd, men skaper gjerne meir slitasjemateriale. Både kopp og stamme kan festast med eller utan «sement». Dersom ein ikkje brukar sement, lagar ein riller på innsida av lårbeinet og bankar protesen på plass, så gror han fast etter kvart. Koppen vert banka på plass i ei nøye utbora fordjuping i bekkenbeinet.

Sjølve operasjonen går føre seg ved at kirurgen skjer inn til leddet, enten frå baksida eller framsida, sagar av den utslitne kula og lårhalsen og reinskar og tilpassar i bekkenbeinet. Ein har på førehand valt ut protese med passande spesifikasjonar for den aktuelle pasienten. Så prøver ein ut vinkel på stammen med ein prøveprotese, gjerne med bruk av røntgen under operasjonen. Til slutt vert alle delane sette på plass og pasienten sydd saman. Dette tar omtrent to timar.

Inngrepet er stort og krevjande for pasienten, så etter operasjonen tar det gjerne tre månader før pasienten er fullt førleg, og eitt år før styrken er 100 prosent på plass igjen.

I framtida vil kanskje robotkirurgi ta over delar av operasjonen. Det vert gjort forsøk med dette. Håpet er at slike løysingar kan gje meir presise operasjonar med færre biverknader for pasienten.

Hofteproteseoperasjonar vert i dag utførte på mange sjukehus i Noreg, både offentlege og private. Nasjonalt register for leddprotesar fører statistikk over kva protesemodellar som vert brukte, og kor gode resultata er, målt i form av få gjenoperasjonar.

Gjennomsnittet er om lag 5 prosent gjenoperasjonar før det har gått ti år. Statistikken viser òg at tala går opp og ned for dei ulike sjukehusa frå år til år, men over tid ser ein at det er dei same sjukehusa som ofte ligg høgt oppe.

Avdelingar med toppskolerte kirurgar som er gode handverkarar, støtta av ein kollegial og kompetent stab, får gjerne best resultat.

Bjørnar Tessem og Lars Nyre

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kanskje 10 prosent av folkesetnaden vil ein gong i livet få sett inn ein hofteprotese.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis