JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Gå stilt, gå snøgt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Elkatamaranen med det høvelege namnet «Medstraum» sig mot kai i Hommersåk, der nokre forfrosne sjeler er på veg til dagens dont i Stavanger.

Alle foto: Per Thorvaldsen

4439
20230428
4439
20230428

Eg gler meg. Ingeniørhjartet held på å bresta. Eg står på kaia, og imot meg kjem 226 bruttotonn med aluminium og batteri. Sjå på Rogaland. Der får dei det til. Undersjøiske milelange vegtunnelar til skjer vest i havet og elsnøggbåtar til øyane attmed Stavanger.

Eg ventar og stig sist om bord. Eg læst som eg ikkje skjønar billettsystemet, og får ein hyggjeleg samtale med billettøren. Sosial ingeniørkunst. Eg spør pent om å få lov til å koma opp i styrehuset. Eg underviser i elektrofag ved Høgskulen på Vestlandet, og det hadde vore gildt å visa studentane noko røyndom sponsa av EU. Kor hadde me vore utan midlar frå dei?

Båten skyt fart mot Usken. Den øya er Stavangers Hvaler. Me susar over vatnet utan lyd og krenging. Det er som å vera i ei anna verd. Og det er eg.

Billettøren kjem mot meg med eit smil. Eg er hjarteleg velkommen i det aller heilagaste. Me stig opp. Her er det ikkje noko ratt, berre nokre spakar og vegg til vegg med skjermar og utsyn til vedunderlege nye Stavanger gjennom glasa over. Eg tek pliktskuldig bilete av alle som ein av skjermane, men det er berre éin av dei eg er interessert i no.

Eg pumpar kapteinen for informasjon.

– Har du rekkjeviddeangst?

– Nei, me kan gå om lag ein time på middels fart, men straumforbruket stig bratt med aukande fart.

– Kor myke energi brukar denne båten?

– Det kan du rekna ut sjølv. Me ladar 2 MW i 25 minutt i Stavanger.

Eg treng ikkje kalkulator for det reknestykket. Fullada har båten 0,83 MWh med energi. Turen frå Hommersåk til Stavanger tek 25 minutt og krev 347 kWh. Me var fire passasjerar om bord som kvar fekk 86 kWh for 40 kroner. Som kollektivreisande er me subsidierte herifrå til æva.

Attende til skjermen eg kom opp for å sjå på. Det er ein kontrollskjerm som viser korleis framdriftssystemet fungerer og heng i hop, og slår alarm dersom noko skulle vera gale.

I den midtre delen øvst på skjermen er det informasjon om ladetilstand, men då me er midtfjords langt frå ladestasjonen, er det lite å sjå der no. Når dei ladar frå land, vert det vist straum og spenning for dei fem ladekablane. Til høgre og venstre ser ein effektforbruk her og no, og kva som er tilgjengeleg. Som ein ser av tala, putrar me stille av garde.

Den midtre delen syner to symmetriske delar. Dei to vassrette strekane er likestraumsforsyningar frå dei to batteria. Då alt i båten treng vekselstraum, er det omformarar frå likestraum til vekselstraum til alle delar i båten. Ein kan styra vekselstraumsfrekvensen i desse omformarane. På den måten kan ein mellom anna endra turtalet på motorar og trustarar.

Trustarar er små motorar som vert brukte når ein vil stabilisera posisjonen båten har. «Medstraum» har to store elektriske vekselstraumsmotorar med 550 kW effekt kvar. Dei ser me midt på skjermen. Dei lyser grønt for å fortelja oss at ingenting er gale med dei, og talet nedanfor syner at dei no brukar om lag 350 kW. På kvar side er det to trustarar til som ikkje er i bruk. Det er sidetrustarar som vert nytta når dei legg til kai eller skal finmanøvrera. Ein ser at det er venstre delen av straumforsyninga som gjev 230 volt vekselstraum til resten av båten.

Ein ser at dei to symmetriske delane ikkje normalt er kopla saman, men skulle ein til dømes få problem, kan dei to systema vera reservar for kvarandre. Heilt til venstre ser ein at når ein ligg til kai, får ein landstraum på 230 volt. Batteria, derimot, som ein ser inntaka for midt på skjermen, vert fôra med 1000 volt, 2 kA likestraum.

Eg takkar for opplæringa og går ned i den gilde passasjersalongen der ein plakett fortel at det er Fjellstrand frå Omastrand som har bygd denne flotte katamaranen. Me entrar fiskepir 2 i Stavanger. Eg går bak på sida av kaien og pratar med han som fyller på med straum.

– Tesla-eigarar kan berre ta seg ein bolle. Her snakkar med straumstyrke.

Same kva by eg er i, så har eg ein favorittplass. I Stavanger er det ved branntårnet på Valberget. Der kan ein anten sjå på utsikta eller på forelska par. Kva eg gjer i Stavanger? Eg skal på konferanse for universitetslærarar i realfag. Fyrste foredrag er om autentisitet og arbeidslivsrelevans i undervisninga.

Føredragshaldaren bad oss om å ta det me underviser i klasserommet, ut i verda. ??? Vel, neste fredag har eg heller tenkt å ta røynda inn i klasserommet. Sjølv lærte eg meir på desse 25 minutta medstraums enn på den to dagar lange konferansen.

Per Thorvaldsen

per.eilif.thorvaldsen@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis