JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Fritidsdronar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dronefoto av ein annan drone i lufta over Bjørvika i Oslo.

Foto: Heiko Junge / NTB

5283
20210129
5283
20210129

Du kan gå på Clas Ohlson og kjøpe deg ein fritidsdrone for nokre tusenlappar, og då har du ein av dei mest avanserte, nyttige og provoserande teknologiane som vanleg folk i det heile kan få tak i.

Kanskje er du ein av dei som flyg drone sjølv, for moro skuld og for å filme i terrenget rundt hytta. Dronar gjev ofte assosiasjonar til militær drapsteknologi, overvaking og invasjon av privatlivet, men du har sikkert også sett flotte dronefilmar med fossar, isbrear og fjell frå norsk natur. Dronar vert òg brukte til redningsoperasjonar, til dømes vart dronar brukte for å få oversikt over rasområdet i Gjerdrum rundt nyttår.

Den typen dronar som er på marknaden i dag, er svært lette å manøvrere og vert styrte av motorkraft på fire rotorar. Rotorane trykkjer luft ned og lagar ei pute av luft som dronen kan flyte på. Med lågare rotorfart vil dronen dale, med høgare rotarfart vil han stige. To av rotorane roterer med klokka og to roterer mot klokka for å hindre at dronen roterer rundt seg sjølv. Retning og framdrift vert endra ved å variere rotorfarten på par av rotorar. Når to naborotorar byrjar å gå litt fortare, tippar dronen litt framover og får framdrift. Når to rotorar diametralt overfor kvarandre endrar fart, vil dronen rotere og endre retning.

Fritidsdronen frå Clas Ohlson kan gjevast kommandoar i sanntid ved hjelp av radiostyring, og han er elles temmeleg sjølvgåande. Dronen kan instruerast om flygeruter, høgd over bakken og fart, og når han har fått instruksjonar kan han i prinsippet flyge sjølv. Han brukar høgdemålar for å vite avstanden til bakken, akselerometer og gyroskop for å halde balansen, og GPS for å vite kvar han er.

Fritidsdronen er eit datasystem av same type som autopilotane flybransjen brukar til å hjelpe dei menneskelege pilotane under flyging. Det reagerer sjølvstendig på informasjon som kjem inn. Dronen har ein datahjerne som gjer at han kan gå frå handling til sansing til analyse og tilbake til handling i ein kontinuerleg prosess. Slik kan han halde posisjonar han er instruert til, trass i forstyrringar frå vind og vêr. Dronen tek av og landar, unngår hindringar, held ein førehandsdefinert avstand frå bakken og koordinerer rørslene sine overfor andre gjenstandar i rørsle. Dronen veit når han må parkere for å lade batteriet, og kan finne vegen tilbake til batteristasjonen sjølv. Når mange dronar flyg i formasjon, er det eit døme på slik automatisert reaksjon. Under OL i Sør-Korea i 2018 var det eit stort droneshow i opningsseremonien. Dusinvis av dronar teikna lysformasjonar i lufta med koordinerte rørsler.

Dronar kan bere mange slags sensorar. Den viktigaste er nok kameraet, og det kan vere eit vanleg kamera, eit 360-graders kamera som filmar i alle retningar rundt dronen samtidig, eller eit varmesøkjande kamera som finn dyr og menneske eller varmelekkasjar på store industribygg. Dronen kan òg ha andre oppgåver enn berre å vere eit hjelpemiddel til å observere. Dei kan bere ein laser, ein lyskastar, ein høgtalar, ein mikrofon og i prinsippet all annan teknologi som ikkje er for tung. Amazon har prøvd ordningar der dronar skal levere varer på dørstokken til kunden.

Det finst forskings- og utviklingsprosjekt som vil gjere dronar til ein nyttig og sosial del av livet vårt. «Sosiale dronar» er små dronar som kan brukast både innandørs og utandørs, og som kan ladast i ein ryggsekk når ein er på tur. Vi kan kommunisere med dronen ved hjelp av tale og gestikulering (andlet, armar, hender og fingrar), og dronen kan snakke tilbake til oss ved å bruke flygerørsler, lys og lydar. Forskarane ser for seg at slike dronar kan vere til hjelp for folk som er uføre, for eksempel ved å samle nyttig informasjon frå omgjevnadane når dei er på reise, eller hjelpe dei å navigere smart i travle omgjevnader.

Dronen kan vere kopla til internett, slik som smarttelefonen, og såleis verte eit informasjonsverktøy som du brukar til å klare deg betre både sosialt og praktisk. Dronen kan identifisere menneske for deg i omgjevnaden, slik at du kan treffe eller unngå å treffe gjevne personar. Dronen kan finne ein god leirplass eller den beste ruta til toppen med informasjon både om omgjevnadene og ynskemåla dine. Dess meir han veit om deg, dess betre kan han hjelpe deg i kvardagen. Sosiale dronar føreset endå meir avansert styring enn vi har no, så vel som velvilje frå styresmakter og innovasjonsvilje hjå folk flest.

Ingen av dagens dronar har tilstrekkeleg autonomi til å vere sosiale, men den raske utviklinga innan kunstig intelligens og stadig kraftigare datamaskiner vil truleg gjere at ansiktsgjenkjenning og andre reknekraftkrevjande prosessar kan brukast også i dronar. Kunstig intelligens-teknologien er lenger vekke for denne typen robotar enn for sjølvkøyrande bilar. Det er trass alt enklare å køyre i bilens velregulerte omgjevnad enn å flyge gjennom alle slags private og offentlege omgjevnader slik den sosiale dronen måtte klart.

Det største problemet for sosiale dronar er nok menneskets sosiale skepsis. Mange ville ha uroa seg for overvaking dersom naboen alltid vert følgt av ein drone, og mange ville synast det var rart, provoserande og kanskje også nedverdigande.

Lars Nyre og
Bjørnar Tessem

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det største problemet for sosiale dronar er nok menneskets sosiale skepsis.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis