JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Frå Ulriksmasta til Nordåsvatnet

Å verta kvitt overvatn krev ein strategi i tre trinn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ven mølle i Christieparken hentar energi frå Landåsbekken.

Foto: Per Thorvaldsen

5301
20240126
5301
20240126

Eg set meg ned like nedanfor Ulriksmasta. Høg puls gjer noko med utsikta. Eg ser nedover den vene Bergensdalen mot Nordåsvatnet. I Oslo går helvta av dei innfødde langs Akerselva. No har eg tenkt å gå alle dei store vassdraga i Bergen.

Me har fjorten store vassdrag, og eg startar med Fjøsangervassdraget, som er eit framifrå eksempel på korleis ein skal handsama overvatn i framtida. No er ikkje dette vassdraget det mest flaumutsette i Bergen. Det er berre å spørja folk som bur langs Nesttunvassdraget.

Nedanfor meg sildrar det som skal byggja seg opp til Landåsbekken. Han får vatn frå nedbørsfeltet, vestsida av Ulriken og Landåsfjellet. Det finst formlar for alt, også avrenning frå eit nedbørsfelt. Avrenninga er avhengig av arealet til nedbørsfeltet og kor intenst regnet kan verta i framtida. Sjølv i Bergen kan me oppleva kraftige regnbyer med intensitet på meir enn 50 mm/t ein time i året. I tillegg tek ein omsyn til kor godt nedbørsfeltet greier å halda på vatn. No har jo fjella rundt Bergen vorte godt skogkledde, og det hjelper mot flaum.

«Det finst formlar for alt, også avrenning frå eit nedbørsfelt.»

Eg vandrar nedover langs Landåsbekken. Både den og eg vert styrte av tyngdekrafta. Bekken vert stadig striare når sidebekkar kjem til. Når bekken møter sivilisasjonen, går han framleis open, men dei som bur nær han, har mura seg vekk frå vatnet. Litt lenger nede er det ein liten park der vatnet fyller ein liten pytt. 

Å verta kvitt overvatn krev ein strategi i tre trinn. Fyrste trinn er infiltrasjon, der vatnet vert soge opp av jorda og forureininga kan verta broten ned biologisk, samtidig som vatnet vert forseinka på ferda si. I byar der avrenninga er stor, lagar ein grøne lunger og opne bekkar og har gras på taket på nybygg. Toppen av lukke hadde vore nokre myrar hist og her mellom husa.

Neste trinn er å laga basseng som held vatnet tilbake, fordryger det, og siste trinn er å laga trygge flaumvegar som kan ta unna ekstremnedbør. Klimaendringar og urbanisering aukar faren for flaum.

Gi vatnet tid og rom!

Gi vatnet tid og rom!

Illustrasjon: Hanna Haukøya Storemyr, landskapsarkitekt, Bymiljøetaten, Oslo kommune

Landåsbekken går under den trafikkerte Nattlandsvegen før han svingar nedover den idylliske Christieparken og under Bergens eldste bru, som var ein del av Den stavangerske postvegen. Ved Brann stadion forsvinn Landåsbekken i røyr.

Eg går over fotballbanene på Nymark, der Haukelandsvatnet låg før det vart fylt med stein på 1950-talet. Kanskje ikkje noko me ville gjort i dag? Vidare går røyra under Høgskulen på Vestlandet, og det passar bra, for i dag er Hogne Hjelle frå Bergen Vann på vitjing. Han er ekspert på overvatn, og det er berre å lena seg tilbake og kosa seg.

– Overvatn er overflateavrenning som følgje av nedbør eller smeltevatn.

– I tillegg til at mengde overvatn skal handterast og skadepotensialet dermed blir redusert, inneber dette kravet også å ta omsyn til vatn som ressurs for biologisk mangfald og vatn som element ved utforming av byrom. Vatn er ein del av blågrøne løysingar, og handtering av forureina overvatn er viktig. Klimaet er i endring, og det må ein ta omsyn til i planlegginga.

Solheimsvatnet fordryger vatnet og er med på å hindra flaum.

Solheimsvatnet fordryger vatnet og er med på å hindra flaum.

Foto: Per Thorvaldsen

Til slutt snakkar Hogne Hjelle litt om gamle synder.

– Me ynskjer å opna ein del av dei lukka systema og skilja overvatn frå avløpssystemet. I Bergen, særleg i sentrum, er det litt under 400 km fellesavløpssystem. Det skal byggjast separat avløpssystem for alle nye område og anlegg. Separering er hovudprinsippet også for eldre område, men der må det gjerast kost–nytte-vurderingar.

Aldri har tre kvarter gått snøggare. Etterpå vandrar Hogne og eg langs Solheimsvatnet, som fordryger vatnet og er vorte reine idyllen omkransa av ein park. Innløpet er røyret under høgskulen, og utløpet er på hi sida. Kva er eit vatn? Ei vassmengd som ligg i ei fordjuping i jordoverflata med fleire innløp og eit utløp.

Bekken langs Bybanen. Det hadde vore kjekt med meir natur, men det veks vel til etter kvart.

Så opnar terrenget seg, og me kjem til det nye anlegget som Bergen Vann er så stolt av. Då Bybanen vart bygd, måtte vassrøyra flyttast. Det vart laga ein skjult kulvert som tek det meste av vatnet, og så har ein laga ein idyllisk bekk som sniglar seg langs Bybanen. Totalt kan 17 kubikkmeter med vatn svelgjast unna per sekund. Djupna i bekken varierer, og det gjer at fisk kan koma fram, og at syklistar og gåande ikkje druknar. Vatnet i bekken er faktisk pumpa opp for å få fall, og så er det laga ein stor dam for overvatn før bekken renn roleg vidare.

Eg seier adjø til Hogne og går sørover. Plutseleg forsvinn bekken under asfalten. Eg held fram med liv og lyst mot Kristianborgvatnet. Der er innløpet uttørka og utløpet lagt i røyr. Skal det vatnet koplast på igjen, må nok gjedda fjernast i von om å få annan fisk.

Ja, eg veit at vatnet går i røyr i fjellet, men har ein sett seg eit mål, må ein fylgja opp. Til slutt står eg ved utløpet til Nordåsvatnet. Her sildrar det så vidt, men eg har sett på kartet og veit kvar vatnet kjem ut. Eg går 500 meter lenger langs vegen, og etter å ha forsert ein bom ser eg den store tunnelen med vassrøyret. Eg snur meg. 40 meter under meg kjem vatnet ut. Eg ser over til andre sida. Der ligg Gamlehaugen, der dei kongelege bur når dei er i Bergen. Dei er jammen heldige som har utsikt til slik infrastruktur. Eller? No er heile slottet dekt med kvit plast. Kanskje det er eit signal? 

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis