JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Europallen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Europallen er ei svensk suksesshistorie, oppfunnen av brødrene Ivar og Tore Svensson frå Gyllsjö. EPAL-logoen syner at det er ein ekte europall.

Foto: Oliver Eltinger / Wikimedia Commons

4313
20231124
4313
20231124

1977 – velferdsstatens beste år. Arbeidsmiljølova vart innført, og eg fekk sumarjobb på ein målingsfabrikk, med tre gonger så høg løn som året før. Eg reiv av ordrar frå matriseskrivaren og sprang og henta ein ny pall med jekketralla.

I botnen starta eg med tilitersspann og deretter trelitersspann og ymse ting som sparkel og lakk. Mellom laga putta eg papp. Så var det rett til krympemaskinen, der eg la ein plastsekk – ei krympehette – over varene og med varme krympa dei fast til pallen. Varmen krympa plasten til om lag ein tredjedel av opphavleg storleik.

Heilt til slutt klistra eg på ein pakksetel som sa at ein eller annan målingsbutikk skulle ha varene. Så var det berre å riva av ein ny ordre.

Ein dag vart eg pikka på ryggen. Det var formannen. Han syntest det var gildt at eg var så flittig. Han viste meg ein plass eg kunne ta det med ro mellom slaga. Så sa han det som har forma meg mest:

– Du skal vera her i sumar. Me andre skal vera her heile livet.

Ein skal ikkje sprengja akkorden av dårleg samvit.

Ein europall er alle tings underlag ved transport og lagring. Han er effektiv ved lasting og lossing. Europallen er laga slik at han toler tung belastning og røff handtering. Han har hòl på alle sider som gjer han handterbar med jekketralle og truck.

Europallen er laga av miljøvennleg tre og spikra saman med 78 spikar i eit standardisert mønster. Standarddimensjonen for den mest vanlege europallen er 120 cm x 80 cm x 14,4 cm, og han veg om lag 25 kilogram. Breidda på 80 cm passar ypparleg for å få pallen inn og ut av dører som stort sett har ei opning på 85 cm.

Ein kan lasta 1500 kg på ein europall, og når ein stablar, toler han 4000 kg.

Det er om lag 400 til 500 millionar europallar i sirkulasjon i Europa, og dei verta bytte pall mot pall i eit sirkulærøkonomisk økosystem. Dersom du ønskjer å kjøpa ein ny pall, kostar han 264 kroner. Brukt kan du få han for om lag 100 kroner. Det er også mogleg å levera pallar og få pengar att.

Med suksess kjem det alltid kopiar og forfalskingar: pallar laga av dårleg ved som sprekk og rotnar. Difor vart det i 1991 skipa ei eiga standardiseringseining, EPAL, som skulle verna EUR- og EPAL-logoen og vera ansvarleg for tryggleik og kvalitet for alle europallar i omlaup.

Diverre passar ikkje europallen så godt saman med konteinarar, noko som har gjort at han har dala litt i popularitet. Når det er sagt, så er det laga konteinarar som er 5 cm breiare, slik at dei kan verta fylte med europallar.

Gyllsjö Treindustri i oppstartsfasen.

Gyllsjö Treindustri i oppstartsfasen.

Kjelde: Gyllsjö Treindustri

Dei seier at skilnaden på ei oppfinning og ein innovasjon er at sistnemnde er ei oppfinning som har vorte ein kommersiell suksess. Europallen vart ein innovasjon som endra måten å frakta varar på. Det at ein finn pallar slengde overalt, er beviset.

Historia om europallen tok til i Gyllsjö i Sverige rett etter krigen. Brødrene Ivar og Tore Svensson hadde ein liten snikkarverkstad som laga kassar til frukt og grønsaker. Så fekk Helsingborg fryshus behov for lastepallar til truckar, og det tok ikkje lang tid før desse pallane vart hovudproduktet til Ivar og Tore.

På slutten av 1940-talet innsåg Statens Järnvägar at dei trong standardiserte pallar, og tok kontakt med Ivar og Tore. Saman utvikla dei SJ-pallen. Han vart ein suksess då han var lettare, sterkare og meir haldbar enn andre pallar. I tillegg var han mykje meir fleksibel å handtera.

På byrjinga av 1960-talet vart SJ-pallen gjord til europeisk standard av den internasjonale jernbaneunionen (UIC). Med europallar var det mogleg å lasta ei jarnbanevogn ti gongar så snøgt som før ein hadde pallar. Europallen revolusjonerte transport og lagring.

Klassisk jekktralle som er klar til å frakta varer etter berre tre pump.

Kjelde: AJ produkter

Kva så med jekketralla? Ho er av eldre dato og fyrst nemnd i Popular Science Monthly i 1918. Jekketralla har eit fleksibelt styrehjul framme og to gaflar med boggihjul som lastberar. Med den manuelle hydrauliske jekken kan lasta verta løfta og transportert. Det finst også elektriske jekketraller som både løfter og transporterer.

Her om dagen stod det ein pall med bøker utanfor døra mi. I botnen er den kjende og kjære europallen, men plasten i krympehetta er mykje tynnare enn for 50 år sidan. Om det kjem av sparing eller teknologiforbetring, er ikkje lett å svara på. Det som iallfall er sikkert, no som vinteren kjem, er at pallens brennverdi er mykje større enn pengeverdien.

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis