Teknologi
Er det noko heft?
Bakterien Calaulobacter cresentus er naturens sterkaste lim.
Kjelde: Wikipedia
Eg ligg under båten og skrapar han rein. I skepsis til kjemi og i kjærleik til naturen brukar eg ikkje botnsmurning. Sjølv om eg polerte plastfartøyet mitt i fjor, er det igjen fullt av rur. Det er omtrent umogleg å få bort.
Eg trudde lenge at rur var festa med det sterkaste limet i naturen, men no sit eg og les om bakterien Calaulobacter cresentus. Limet bakterien brukar, er laga av lange kjeder av sukkerbaserte molekyl. Dette limet er tre gonger så sterkt som menneskeskapt superlim.
Mitt første møte med superlim fekk eg då eg byrja i industrien. I skulen gjekk det mest i trelim, Karlsons lim og engleproduksjon. På jobben skulle eg festa små elektriske komponentar på kretskort. Limet me brukte, hadde det treffande namnet Loctite. Den limte så snøgt at ein måtte passa fingrane, og limet var sterkare enn det me limte saman. Loctite inneheld nitrogen- og oksygenbindingar som lagar lange, sterke kjeder når det reagerer med vatn.
Kva eigenskapar treng eit lim? Det må hefta godt, adhesjon, til overflatene på det som skal limast. Limet må også ha stor indre styrke, kohesjon, for å tola belastningar og endringar i temperatur. For at eit lim skal kunna lima godt, må det væta ytene godt. Kor godt eit materiale vert vætt, kjem an på overflateenergien. På eit materiale med høg overflateenergi kan lim oppnå tett kontakt.
Det er tre ulike måtar å skaffa heft på. Kjemisk liming skjer ved molekylær kontakt mellom lim og materiale. Dette er den sterkaste forma for liming. Det oppstår bindingar mellom molekyla i limet og molekyla i overflata av materialet. Plastlim av typen epoksylim brukar denne metoden.
Neste limemetode er mekanisk låsing. Det skjer når limet renn inn i porene på overflata av materialet som vert limt. Låsing hindrar sprekkar og aukar overflatearealet mellom lim og materiale. Tape brukar mekanisk låsing, og kor godt tapen heftar til materialet, kjem an på kor stort trykk me brukar. Flytande lim renn ved påføring, før det tørkar og herdar. Den siste metoden er diffusjonsliming, der limen filtrar seg inn i overflata til materialet. Diffusjonsliming brukar me når plastmateriale skal limast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.