Er det farleg å få støyt frå eit straumgjerde?
Gjerdeapparatet som gir spenningspulsar til straumgjerdet. Dette apparatet går på 12 volt likestraum. Den svarte leidningen går til eit jordspyd og den andre til sjølve straumgjerdet. Til høgre er det ein brytar som kan regulera spenninga alt etter kva dyr du vil ha på innsida eller utsida av gjerdet.
Foto: Per Thorvaldsen
«Skal me pisse på strengen?» Den nye venen min sikta med strålen, trefte og gjekk i bakken med eit skrik. Å flytta frå drabantby til rurale strok som liten gut var traumatisk for meg. Ei fullstendig framand verd.
No, femti år seinare, står eg og klappar ein hest over eit straumgjerde. Eg har jo alt vore vitne til eit Pavlov-forsøk, så vilkårsbunden læring held meg unna gjerdet. Korleis verkar det? Eg går bort til apparatet.
Det første eg legg merke til, er at gjerdeapparatet er plassert oppå eit bilbatteri, som er energikjelda. På framsida er det ei svart og ei raud skruklemme. Frå den svarte går det ein tjukk leidning som endar i eit spyd som er jorda i ei vassdrukken myr. Den andre leidningen er kopla til gjerdet. Til høgre ser eg ein brytar som kan verta vridd frå gris til elg. Eg trur nok det kan ha å gjera med at grisen er meir ømskinna enn elgen.
Då venen min pissa på gjerdet, vart det ein lukka elektrisk krins frå batteriet via gjerdet gjennom strålen og ned i beina og tilbake til batteriet via jorda. For at det skal fungera, er det viktig at motstanden i gjerdet og jorda er liten. Før brukte dei streng som leier godt, og no brukar dei eit band med innvove metall som gjer same nytten. For å få lav motstand i jorda må spydet ein jordar med, verta plassert på ein fuktig stad. Kor stor motstand det er i jorda, kjem an på kor fuktig ho er. Fuktig jord leier godt, medan tørr jord leier dårleg.
Er det farleg å få støyt frå eit straumgjerde? For at straum skal vera døyeleg for eit menneske, må spenninga vera over 48 volt og straumstyrken større enn 6 milliampere. For eit straumgjerde er spenningsskilnaden mellom gjerde og jord om lag 10.000 volt, men straumstyrken er liten.
Spenninga kjem som pulsar inn på leiaren med eitt sekunds mellomrom. Energien i desse pulsane er låg, slik at straumen som går gjennom kroppen, er liten dersom ein kjem borti gjerdet. Ein brukar høg spenning for å sikra at det går straum, også når huda er tørr. Ein treng altså høgare spenning for å halde elgen ute enn grisen inne.
Kor mykje energi er det i desse pulsane? På apparatet les eg 2 joule. Joule er ei eining for energi, og 1 joule er det same som 1 watt per sekund. Kva vert då straumen i ein slik puls? Pulsane varer mindre enn 50 millisekund, noko som gjev 40 watt per puls. Når så spenninga er 10.000 volt, vert straumen i pulsen 4 milliampere, som er trygt innanfor grensa av kva dyr og menneske toler.
Det er forskjellige måtar å laga desse straumpulsane på. Ein kan lada opp ein kondensator, eit lite batteri, med elektrisk energi og så senda denne energien ut som korte pulsar på straumgjerdet. Den vanlegaste måten er å ha ein likestraumskrins med ein transformator tilkopla. Ein transformator er sett saman av to elektriske spolar med ulikt vindingstal. Når det går straum gjennom ein krins, oppstår det eit magnetisk felt rundt leiaren som inneheld energi. Ved å vikla leiaren til ein spole kan ein lagra mykje energi.
Så bryt ein likestraumskrinsen kjapt. Naturen hatar forandringar, og spolen vil bruka lagra magnetisk energi for å prøva å behalda straumen slik han var. Denne endringa i magnetisk energi merkar den andre spolen i transformatoren. Då han har fleire viklingar, vert straumen som vert generert i han, mindre, men spenninga større. Ved å bryta likestraumskrinsen med om lag eitt sekunds mellomrom kan ein laga eit tog av elektriske spenningspulsar langs straumgjerdet.
Skal, skal ikkje... Eg held ein finger mot gjerdet. Det er jo tørt i dag. Kanskje det ikkje vert så ubehageleg som eg trur? Ein ven av meg som voks opp på gard, sa at sauene var så smarte at dei kraup under gjerdet i tørt vêr når ulla var tjukk. Då fekk dei ikkje støyt, sidan ulla isolerte.
Rett nok har eg joggesko som isolasjon, men satsar på at soldoping på eit svaberg gjer meg meir glad enn elektrosjokk.
Per Thorvaldsen
pt@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.