Teknologi
Energi – kort og godt
Me treng 350.000 slike for å berga verda.
Foto: Christian Charisius / AP / NTB
God og sikker tilgang til energi er naudsynt for å sikra stabilitet, teknologisk utvikling og vokster i verda. Kva er energi? Det er eit systems evne til å utføra arbeid på eit anna system.
Sola er opphavet til all energi på jorda. På grunn av kraftige gravitasjonskrefter på sola vert hydrogen pressa saman og omdanna til helium. Det frigjer store mengder energi i form av livgjevande elektromagnetiske bylgjer som me badar i. Globalt på jorda er det nærast balanse mellom strålingsenergien som kjem frå sola, og den energien jorda kvittar seg med som varmestråling. Det gjer temperaturen på jorda stabil. I tillegg vert noko av energien lagra. All energi, anten me får han frå kol, olje, gass, vatn eller vind, har opphav i energien frå sola.
Då burde jo alt vera vel. Problemet er at me brukar fossile energiressursar som det har teke millionar av år å laga, i eit heseblesande tempo. Det fører til både forureining og ein uynskt temperaturauke. I tillegg får me energinaud. Som ein ser av figur 1, er det meste av verdas energiforsyning fossil.
Legg merke til at energien vert målt i Mtoe. Kva er det? Million tonn oljeekvivalentar. Val av eining fortel det meste. 1 toe svarar til 11,63 MWh. I 2018 var verdas energiforsyning 14.500 Mtoe (169.000 TWh). Noreg levererte siste året 233 Mtoe (2710 TWh), som er cirka 2 prosent av verdas samla energiproduksjon. Til samanlikning utgjer Noregs vassenergi om lag 150 TWh per år. Bokstaveleg talt ein drope i havet.
Medan auken i forbruk av all annan energi fylgjer folketalet, stig forbruket av elektrisk energi mykje meir. Figur 2 viser utviklinga, og at hovudkjelda til straum er fossil brensle.
Kor store reservar har ein av fossile brensler og kjernekraft? Det er vanskeleg å fastsetja eksakt av di ny teknologi gjer det mogleg å henta ut stadig meir. Tal som vert nemnde, er femti år med olje, eit par hundre år med gass og kol og nærast inn i æva med kjernekraft. I tabell 1 er det gjeve ein oversikt over energimengder.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.