Elektrisk korona
Figur 1. Ionisering av luft (korona) på ein høgspentleidning. Legg merke til at det er mest utlading langs kantar der ladingstettleiken er størst.
Kjelde: Wikipedia Nitromethane
Svigerfar var heldig. Etter at han hadde bygd hytte på Haugastøl, vart Bergensbanen elektrifisert, i 1964, slik at kolrøyken frå lokomotiva forsvann. Det var berre éin hake: Svigerfar fekk store kraftliner rett framføre hytta. Dei skulle gje energi til omformaren på Haugastøl stasjon.
Energien kom frå Ørteren kraftverk, som vart bygd rett ved sida av hytta, og til alt overmål senka Oslo Energi strandlinja med 30 meter framføre hytta for å få ut endå meir energi.
Det neste som råka svigerfar, var ei 240 kV kraftline mellom Sima og Dagali. Ho skulle etter planen gå rett over hovudet på han, men vart i siste liten lagd litt lenger sør. Kona mi elska å høyra på knitringa frå desse Bjartmar Gjerde-staurane når me gjekk på ski forbi i sluddvêr.
Kvifor knitrar det? Av di eit elektrisk samanbrot ioniserer lufta rundt leidningane. Dette vert kalla korona. I tørt vêr treng ein om lag 3 kV per millimeter for å få overslag, men når det er fuktig, mindre. Du har sikkert opplevd det same når du har tatt av deg ein ullgenser i mørkeret og sett lysglimt. Lokal korona.
I luft resulterer korona i ozon (O3), nitrogenoksid (NOx) og salpetersyre dersom det er vått. Kan det brukast til noko, bortsett frå å gje vakre lydar og lysglimt? Ja, koronaeffekten kan produsera ozon og reinsa inneluft og røyk frå kolkraftverk.
Det er berre å ta seg ein tur til Jula eller tilsvarande og kjøpa seg ein ozongenerator. Då ozon er eit særs reaktivt stoff, må det lagast der og då, og då gjerne ved hjelp av elektrisk samanbrot som ioniserer lufta og får oksygenmolekyl til å slå seg saman, O+O2=O3. Ozon kan fjerna partiklar og vond lukt i heimen, men hugs at ozon ikkje er sunt i store dosar.
Industrielt vert ozongeneratorar brukte til ei rekkje ting. Ozon er viktig for farmasi og kjemisk industri, då det er særs reaktivt og kan bryta karbonbindingar for å laga til dømes innhald i medisinar og syntetisk olje. Ozon er òg nyttig til desinfeksjon. På sjukehus vert klede desinfiserte med ozon. Vatn vert også reinska med ozon, ofte i staden for klor, då ozon har den fordelen at det vert brote ned snøgt.
Lat oss sjå på det siste. I eit elektrofilter vert det påført stor likespenning mellom plater og stavar, som vist i figur 2. Platene har ein avstand på mellom 1 og 18 centimeter. Når luftstraumen med partiklar går gjennom filteret, sørgjer koronautladinga for at partiklane ein ynskjer å verta kvitt, vert ioniserte med elektron frå dei negative stavane og dregne mot dei positivt ladde platene. Desse platene vert så reinsa med jamne mellomrom. For å betra ytinga formar ein stavane slik at dei liknar piggtråd, då spisse punkt gjev lettare elektrisk samanbrot med koronautladning som då ioniserer fleire partiklar.
Kor godt eit elektrofilter verkar, er avhengig av to ting, nemleg evna partiklane har til å leia straum, og storleiksfordeling. Det er partiklar med passe evne til å leia straum, motstand mellom 10E7 og 10E10 ohm, som er enklast å fjerna med elektrofilter. Dersom partiklane er lite leiande, kan ein fukta luftstraumen for å få ein fuktig leiande film på partiklane. Dersom partiklane leier straum godt, er det ikkje mykje eit elektrofilter kan gjera. Då må det veljast andre metodar. Elektrofilter er spesielt godt eigna for å fjerna små partiklar, slike som er vanlege i røyk og forbrenningsprosessar. I figur 3 ser me kor effektivt eit elektrofilter kan vera.
I oppveksten elska eg å vera med far min, som var heismontør, på jobb. I heisrommet høyrde eg klapringa av store relé for store straumar, eg såg det mekaniske styresystemet, og eg kjende den herlege dufta av ozon frå elektrisk samanbrot i børstane til den elektriske heismaskinen. Heldigvis kan me kjenna den karakteristiske lukta (0,1 ppm) lenge før det vert farleg.
Eg veit ikkje om far min var klar over at elektrisk samanbrot fjerna småpartiklar frå røyken han alltid hadde i munnvika, men han visste at ozon var tyngre enn luft og dimed forsvann ned i hòlet til heissjakta.
Per Thorvaldsen
per.eilif.thorvaldsen@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I luft resulterer korona i ozon (O3), nitrogenoksid (NOx) og salpetersyre dersom det er vått. Kan det brukast til noko, bortsett frå å gje vakre lydar og lysglimt?
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.