Eksplosjonsteknologi
Kvinner blandar dynamitt i Nobels Ardeer-fabrikk i 1897.
Foro: Wikimedia Commons
Vi les om krigen i Ukraina og vert sjokkerte over dei materielle øydeleggingane og alle menneska som vert drepne. Hærane sprengjer bruer, bombar bustadblokker og skyt sund stridsvogner, og soldatane skyt både kvarandre og sivile. Det er forferdeleg og heilt normalt.
Eksplosjonsteknologiar er baserte på kjemiske reaksjonar, normalt oksidering eller forbrenning. Desse reaksjonane skaper gassar som gjev ein rask og vesentleg trykkauke rundt eit brennstoff. Trykkauken utfører mekanisk arbeid, som igjen kan brukast til både militære og sivile føremål.
Han kan brukast militært til å øydeleggje og drepe ved å skyte ut kuler og granatar, og han kan brukast sivilt til for eksempel å sprengje ut hustomter og tunnelar.
Krig har alltid vore ein drivar for teknologiutvikling, og militærhistorikarar snakkar om oppfinninga av krut som den største revolusjonen i krigshistoria. I Kina brukte dei det til fyrverkeri frå 800-talet, og i Europa som drivmiddel for prosjektil frå skytevåpen frå 1300-talet.
Med krutet kunne piler, steinar og andre prosjektil erstattast av stein- og jernkuler som med stor fart vart drivne fram gjennom eit utskytingsrøyr. Militærteknologane fekk fyrst til å bruke krutet i kanonar av jern og bronse, og deretter også i gevær og andre handvåpen.
Krut er eit resultat av eksperiment gjorde av alkymistar og andre som blanda ulike væsker og pulver. Dei kom fram til ei blanding av trekol, svovel og salpeter som vert kalla svartkrut. Det tok lang tid å finne eit godt blandingsforhold, men etter kvart vart det klart at 75 prosent salpeter, 10 prosent svovel og 15 prosent trekol var det beste.
Dei tre ingrediensane blir finmalne i ei kulemølle og blanda med sprit til ein deig som blir elta. Deigen blir valsa ut til tynne flak som tørkar og blir brotne opp til krutkorn. Eigenskapane til krutet blir avgjorde av storleiken og forma på krutkorna.
Deflagrasjon er eit omgrep for ei – i denne samanhengen – langsam forbrenning, medan detonasjon er eit omgrep for svært rask forbrenning. Krut deflagrerer, og sidan forbrenninga ikkje skjer for fort, kan vi styre effekten av den trykkauken som skjer i det rommet der krutet er.
I ein patron vil trykkauken føre til at kula flyg ut av patronen. I ein gamaldags kanon med munningslading vil krutet liggje i eit tilnærma lukka rom inst i kanonløpet bak kanonkula. Det vil bli tent med ei lunte, og trykket som vert skapt, gjer at kanonkula flyg i høg fart ut frå kanonen.
Forbrenningsreaksjonen i krut forplantar seg med ein fart som er mindre enn lydfarten. Om krutet ikkje er innelukka, vil trykkbølgja som oppstår, spreie seg med mindre fart enn lyden i materialet omkring, og effekten vil stort sett vere lys, lyd og oppvarming. Men om vi lukkar krutet inne, vil gassen som vert skapt, ikkje sleppe unna utan å sende prosjektilet av garde i stor fart. Trykket i eit krutbasert skytevåpen kan vere opptil 3000 atmosfærar.
Krut kan òg brukast til sprenging, til dømes om ladninga vert dekt til med eit hardt skal og deretter tend på. Slike bomber er kjende som «helvetesmaskiner» og vart blant anna brukte av anarkistar på 1800-talet.
Dei nye våpenteknologiane gjorde at europearane fekk ein enorm fordel overfor folkeslag som ikkje hadde vilkår for produksjon av våpen og krut. Det gjaldt til dømes steppefolka i aust og heile sivilisasjonar i Amerika og etter kvart Asia og Afrika. Utan skytevåpen ville dei europeiske kolonimaktene neppe fått så store imperium som dei fekk, seier militærhistorikarane.
I hundrevis av år fanst det berre svartkrut. Røyksvakt krut vart utvikla på 1870-talet. Det nyttar ikkje trekol med salpeter som oksidasjonsmiddel og gjev difor langt mindre røyk og sot. Røyksvakt krut er nesten einerådande til skytevåpen no for tida, medan svartkrut framleis blir nytta til fyrverkeri og annan pyroteknikk.
Det fyrste brukbare sprengstoffet var dynamitt, oppfunne av svensken Alfred Nobel i 1863 og sett i produksjon i løpet av berre nokre år. Dynamitt består av nitroglyserin som vert absorbert i kiselgur, ein leirelik jordsort, og anna tilsetjingsmateriale.
Sprengstoff er ikkje det same som krut. Sprengstoff er ei blanding av kjemiske stoff som skaper svært høg forbrenningsfart når dei vert tende på. Denne prosessen vert omtalt som ein detonasjon. I ein detonasjon spreier forbrenninga av sprengstoffet seg med ein fart som er større enn lydfarten, gjerne 10 til 20 gonger lydfarten.
Trykket som oppstår rundt sprengstoffet, kan komme opp i mange hundre tusen atmosfærar. Denne trykkbølgja spreier seg fortare enn lyden, og vi får ein eksplosjonsverknad sjølv om stoffet ikkje er innelukka. Sprengstoff vert omtalt som høgeksplosivt, medan krut vert omtalt som lågeksplosivt.
Sprengstoff vert brukt til sivile føremål som bergbryting i samband med gruvedrift, vegbygging og andre anleggsprosjekt. Og sjølvsagt vert det brukt til våpen. Det vart utvikla bomber og granatar med langt større kraft enn nokon krutbaserte våpen kunne få.
Fyrste verdskrig vart den første store skodeplassen for uhemma bruk av sprengstoff. I løpet av mange tiår med relativ fred i Europa hadde dei moderne nasjonane sørgd for at krigføringa – som samfunnet elles – vart industrialisert. Sprengstoff vart brukt i granatar frå stridsvogner og artilleri på bakken, i kanonar på slagskip og torpedoar frå ubåtar og bombefly i lufta. Den moderne vitskaplege utforskinga gjorde at eksplosjonsteknologi fekk eit frykteleg øydeleggingspotensial.
Lars Nyre og Bjørnar Tessem
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Krig har alltid vore ein drivar for teknologiutvikling, og militærhistorikarar snakkar om oppfinninga av krut som den største revolusjonen i krigshistoria.
Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.