JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Eit lys som kan høyrast

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nordlysguden helsar på oss.

Nordlysguden helsar på oss.

Foto: Kjetil Gjeitsund Thorvaldsen

Nordlysguden helsar på oss.

Nordlysguden helsar på oss.

Foto: Kjetil Gjeitsund Thorvaldsen

4453
20231215
4453
20231215

Eg er avundsjuk. Son min er på oppdrag på Grønland. Han sende meg bilete og videoar av grensesprengjande nordlys. Sjølv står eg på altanen og ser på noko puslete greier på himmelkvelven over Vestlandet.

Eg ringjer han. Akkurat som Tromsø er Nuuk midt under nordlysovalen, der lyset er på det mest intense. 

– Veit du, far, at ein kan høyra nordlyset?

Eg som har studert solfysikk og geomagnetisme, svarar paternalistisk at det er umogleg. Nordlyset kjem frå ionosfæren om lag 100 kilometer oppe i atmosfæren, og der er lufta altfor tynn til å leia lyd til bakken. Me kan jo ikkje eingong høyra sus frå toppen av tre.

– Lydobservasjonar har me berre fått frå profetar som Esekiel og urfolk, og dei trudde ingen på, svarar eg.

Det tek nokre sekund, så har han pepra meg med artiklar om lyd frå nordlys. Eg skråles og ser fort at det er snakk om lågfrekvent elektromagnetisk støy som er forsterka og gjord om til lyd. Til alt overmål kan eg for ein liten sum kjøpa meg ein mottakar som registrerer slik lyd, og høyra på nordlyset når eg er vorten lei av annan støy.

Kva er nordlys? Korleis oppstår det? Me får nordlys når det stormar på sola og vindar av proton og elektron vert sende vår veg. Partiklane vert til alt hell fanga opp av magnetfeltet rundt jorda, bremsa og sende mot dei magnetiske polane. Partiklane varmar opp og ioniserer gassane øvst i atmosfæren ved kollisjonar.

Ein brøkdel av energien vert brukt til å auka den indre energien i atmosfærepartiklane. Då stig energien i partiklane frå grunntilstanden til eit høgare nivå. Dei vert eksiterte. Desse høgare energinivå er ustabile, og elektrona vil ramla ned i grunntilstanden igjen og senda ut lys. Bylgjelengda på lyset avheng av gasstype og nivå på tilført energi. Den gulgrøne og raude fargen kjem frå eksitert oksygen, medan den blå fargen kjem frå ionisert nitrogen. Den raudaste fargen kjem frå eksitert nitrogen.

Det er energien i partiklane frå sola som avgjer kor langt ned i atmosfæren dei kjem. Nordmannen Carl Størmer var den fyrste som undersøkte dette noggrant på byrjinga av 1900-talet. Nordlys om natta ligg i mellom 100 og 200 kilometers høgd, med størst intensitet nedst.

Unto Kalervo Laine frå Alto-universitetet måler lyd frå nordlyset med to ståande mikrofonar og ei firkanta VLF-antenne for å finne høgda lyden kjem frå. Mikrofonen i parabolen fangar opp sjølve lyden.

Foto: Janne Kommonen

Så var det denne lyden, då. Eg finn fram praktverket Nordlyset av Asgeir Brekke og Alv Egeland som eg har i hylla. På side tolv finn eg det eg leitar etter: «Ved å plystre til nordlyset kunne eskimoene forsterke dets bevegelse, og dersom en kunne fornemme den knitrende nordlyslyden, var kontakten etablert.» Det samiske ordet for nordlys er gouvssahas som tyder det høyrlege lyset. Kanskje urfolket har rett og vår vitskapelege arroganse har leidd oss på ville vegar?

Son min og eg googlar om kapp på kvar vår side av Atlanterhavet. Den som leitar, han finn, og me fann ei rekkje finske artiklar der det vert stadfesta at dei hadde fanga opp lyd når det var nordlys. Den nyaste er ein konferanseartikkel, «Sound producing mechanism in the temperature inversion layer and its sensitivity to geomagnetic activity» av Unto Kalervo Laine frå Alto-universitetet. Han er sitert av ingen, men lesen av 4000 i tillegg til oss. I eksperimentet sitt hadde han ein mikrofon som peika oppover. I tillegg hadde han to andre mikrofonar og ein lågfrekvent radio for å avgjera kva posisjon lyden kom frå. Han fann ut at lyden kom frå 70 meters høgd når det var nordlys.

Måling av lyd når det er nordlys.

Måling av lyd når det er nordlys.

Kjelde: «Auroral Acoustics project – a progress report with a new hypothesis»

Han meinte at årsaka var temperaturinversjon, som vil seia at det er varmare oppe i lufta enn nede ved bakken. Når ein kan sjå nordlys, er det typisk forhold som gjev temperaturinversjon. I inversjonslaget har dei negative partiklane stige frå jorda med den varme lufta, og dei positive ladningane regnar ned frå ionosfæren 100 kilometer høgare oppe.

Desse partiklane vert samla opp i inversjonslaget på stille kveldar. Ein får ein kondensatorverknad. Når solvinden vert ekstra sterk, får ein utladingar i denne «kondensatoren» som gjev lydane me kan høyra.

Eg må vedgå at denne dialogbaserte måten å læra på er det kjekkaste eg veit. Etter no å ha høyrt nordlyset, er eg kvitt endå ein vitskapeleg fordom. Til neste år skal eg til Grønland. Kanskje eg skal ta med meg nokre mikrofonar? Det kunne jo vera morosamt å etterprøva desse finske resultata. Dersom det ikkje skulle verta nokon lyd på meg der, kan eg fylla tida med å fiska store mengder torsk og skyta reinsdyr.

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når solvinden vert ekstra sterk, får ein utladingar i denne «kondensatoren» som gjev lydane me kan høyra.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis