JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Ei tildekt historie 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Decca-sendaren frå Jomfruland finn du no i Modellkammer Jørstadmoen.

Foto: Per Thorvaldsen

5470
20230908
5470
20230908

Det regnar. Eg har søkt ly i Kragerø bibliotek. Det er fleire timar til ferja går. Den hyggelege bibliotekaren har gitt meg kaffi og lesestoff om reisemålet mitt, Jomfruland. Eg ser bilete av kvitveisbløming i bøkeskogen, og bonden som går med ei bøtte poteter på Hasselgården, der eg skal bu. I bakgrunnen på det siste biletet ser eg ei høg mast. Kva kan det vera? Der rauk den ferien.

Det er Kultur-kameratene i Kragerø som har lokka meg til Jomfruland. Medan Katja Aarflot fortel om Theodor Kittelsens vitjing på Jomfruland i 1893, kjem eg i prat med Mette, som har arbeidd som bibliotekar i Forsvaret. Av henne får eg veta at masta var ei Decca-mast for navigasjon, og ho gjev meg tips som fører meg til forsvarsbiblioteket på Akershus. Der ligg det to bøker klare til meg når eg dukkar opp.

Etter å ha lese bøkene, er Marinemuseet i Horten og operatør Kjell «Deccasen» Olafsen Mo neste stopp. Her får eg all den informasjon eg kan ønskja meg om navigasjonssystemet Decca. Kjell fortel meg at sendaren frå Jomfruland er teken vare på, og i Modellkammer Jørstadmoen finn eg han utstilt i kjellaren i heile sin prakt.

Decca-systemet, som vart oppfunne av amerikanaren William J. O’Brien, vart fyrste gong nytta under D-dagen 6. juni 1944 for å unngå tyske miner. På femtitalet vart dette systemet teke i bruk i heile verda for navigasjon langs kysten, då systemet hadde god oppløysing, men kort rekkevidde. I Noreg var Forsvaret ein pådrivar for at me skulle ta systemet i bruk. I den særs pedagogiske Stortingsmelding 48 (1961–1962) vart systemet presentert, og Stortinget vedtok å bygga ut eit landsdekkjande nett.

Lat oss sjå på den delen av Decca-systemet der Jomfruland hadde ein sendar. Systemet bestod av fire sendarar, der tre av dei, «slavane», var plasserte om lag i ein likesida trekant, og den siste såkalla «masteren» var plassert midt i trekanten. Masteren sende ut eit sinussignal på 85,9 kHz. Slavane synkroniserte til dette signalet, men sende ut på litt andre frekvensar. Slavane var skilde med fargar. Raud sende på 114,5 kHz, grøn på 128,5 KHz og lilla på 71,58 kHz. Jomfruland var ein raud sendar.

Hyperbelnavigasjon. Avstandsskilnaden langs hyperblar mellom sendarstasjonar er lik.

Kjelde: Norvald Kjerstad / Snl.no

Når ein mottakar får signal frå dei ulike sendarane, vert frekvensane multipliserte opp slik at dei kan samanliknast på ein felles frekvens. Då sendarane har ulike avstandar til mottakaren, vert det faseskilnad mellom signala. Dette kan ein bruka til å kunna bestemma posisjon, ved hjelp av litt matematikk. Mellom sendarstasjonane er skilnaden mellom avstand frå den eine stasjonen til den andre stasjonen lik langs hyperblar. Går du langs ein hyperbel, vil altså ikkje faseskilnaden i signala frå to stasjonar endra seg.

For å finna posisjonen meir noggrant treng du ein stasjon til. Då får du eit rutenett med hyperblar. For å navigera frå ein stad til ein annan er det berre å telja talet av hyperbelpasseringar i rutenettet.

Det var ei utfordring med det originale Decca-systemet at det ikkje var eintydig. Ein måtte vita kvar ein starta, av di målinga av fasen er relativ. Det vart betra ved at ein la inn tidspulsar i systemet, slik at ein kunne slå på systemet utan kjennskap til startposisjonen. I Noreg vart også delar av desse tidspulsane brukte til fjernstyring av stasjonane.

I Noreg vart Decca-systemet utbygd i 1966. Stasjonen på Jomfruland var ein prøvestasjon som «snakka» med fire svenske stasjonar og dekte Skagerrak. På Jomfruland var det ei 100 meter høg mast og i bakken eit radielt nett med 100 kopartrådar à 100 meter. Heile antenna var straumførande, og i eit rom ved sida av henne var det spolar som kunne varierast for å få mest mogleg effekt ut av antenna. I sendarrommet var det ei rad med sendarar. I tillegg til å senda på sin slavefrekvens sende sendaren på alle frekvensane i kjeda for å laga tidspulsane.

Det var staten som betalte for drifta av stasjonane, medan fiskarane leigde mottakarutstyret hjå Decca. For fiskarar betra Decca-utstyret tryggleik og fiske, men det kosta skjorta: om lag ei årsløn i året i leige.

Når marginane vert for store, kjem sjølvsagt konkurrentar på bana, og då patentet gjekk ut i 1980-åra, kom danske Phillips og sopte marknaden med AP Navigator. Dei laga ein billeg mottakar som viste posisjon i geografiske koordinatar og seglerute.

No kunne også fritidsbåtar ha glede av systemet. Decca prøvde å rota til signala slik at dei ikkje fekk konkurrentar, og gjekk deretter til rettssak mot Phillips. Det vart starten på slutten for Decca Navigator. Sjølve Decca-systemet vart skrudd av i 2000, då GPS hadde teke over. I desse urolege tider kunne det kanskje vore lurt med eit alternativ til GPS.

Her er eit fly som finn posisjonen sin i det raudgrøne rutenettet. Dess mindre rutene er, dess meir noggrann er posisjonen.

Kjelde: Decca Navigator

Eg fylgjer etter Kultur-kameratene til midten av øya. Ved dei to fyra fortel Ruth Ellegård, leiar av Jomfruland vel, historia til øya og dei to fyra dei er så stolte av. Eg tenkjer i mitt stille sinn at her burde det vore ein Decca-utstilling òg. Moderne teknologi er også kultur.

Vandringa vert avslutta med hovudet ned i rullesteinane på austsida mot havet. Geologen Kristin Rangnes fortel at Jomfruland er danna av ei endemorene, og at her finn ein om lag alle steinar i Noreg. Entusiastisk held ho opp stein etter stein og fortel kva han heiter og korleis han har vorte til.

Me avsluttar med eit bad i Olgas badekar, som er ein kulp i svaberget like ved. Etterpå ligg eg i sola og kjenner varmen frå svaberget. Livet er herleg, og eg avgjer at eg skal verta på Jomfruland nokre dagar til for å finna restar etter Decca. 

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis