JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Den friviljuge trældomen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slik vert digitale nomadar lokka til Noreg.

Kjelde: CitizenRemote

5343
20231027
5343
20231027

Eg var ein av dei som gav folket breiband på byrjinga av 2000-talet. Firmaet som eg jobba for, hadde «Alltid på» som motto, og når eg no ser korleis alle glor i skjermane overalt, vert eg fylt med skuldkjensle. Kva er det eg har vore med på?

Det me var på jakt etter den gongen, var ein «killer application» – noko som kunne fylla breibandet til randa, slik at me tente mest mogleg pengar. Desse applikasjonane dukka etter kvart opp som perler på ei snor utan at me klarte å gissa det på førehand. Kreativ destruksjon bytte ut gamal produksjon med ny.

To svenske ungdomar laga Spotify og endra måten me lytta til musikk på. Plutseleg ser me ikkje lenger på lineær TV, men strøymer program når det passar oss. Med fiber vart sokkelen digitalisert, og oljeingeniørar kan no utvinna dei siste restane med joystick frå land. Arbeidet til oss andre vart lagra i skya.

Digitale jobbar vart flytta til lågkostland. Mobilnettet vart godt utbygd i heile verda, og ikkje minst kosta plutseleg megabytane det same kvar du enn brukte dei. Alt låg no til rette for dei neste stega i innovasjon. Men var me klare for det?

Fyrste steg var at alle tenester vart digitaliserte. Me vart alle ubetalte medarbeidarar i det offentlege, bankar, forsikringsselskap og nettbutikkar. Kva så med eige arbeid?

I 35 år har eg hatt gleda av å ha eige kontor. Der har eg putla på med mitt til glede for arbeidsgjevaren og meg sjølv.

Så vart landet treft av ein ny trend, eller kanskje eg heller skal kalla det ei dille? Såkalla ope landskap med aktivitetsbaserte arbeidsplassar. Ein skulle ikkje lenger sitja på eige kontor, som no var omdøypt til cellekontor, men nyta fridomen i ope landskap. Vart det for mykje støy, kunne ein berre ta på seg hovudtelefonar med støydemping og ven musikk. For arbeidsgjevaren er fordelen med ope landskap at ein kan klara seg med mindre lokale, og at driftskostnadene vert mindre.

Så skjedde det eit mirakel. Pedagogar meiner at ytre motivasjon ikkje hjelper, men covid-19-pandemien fekk oss til å tenkja heilt nytt. I løpet av få dagar hadde me på plass alt det som skulle til for å kunna samarbeida i skya. Med Zoom og Teams vart det likegyldig kvar me sat. Sidan virus trivest godt i lag, vart me sende heim for å berga verksemda. Heimekontor var fantastisk, og eg fekk gjort mykje meir enn eg vanlegvis fekk, då eg slutta å forstyrra meg sjølv og andre.

Så ebba epidemien ut, og arbeidsgjevaren ville ha oss tilbake. Problemet var berre at ein hadde underdekking på arbeidsplassane. Nokon måtte bokstaveleg talt ut. Dei eldste fyrst. Plutseleg stod sjefen i døra. Etter hyggelege innleiande frasar spurde ho om eg kunne gje frå meg kontoret. Mi fyrste innskyting var å protestera vilt, men så gjekk det plutseleg opp for meg kva eg vart tilbode: den absolutte fridom. Eg kunne no gjera arbeidet mitt kvar eg ville.

Eg har ikkje prøvd Bali enno, men det er kjekt å kunna undervisa frå Oslo og leika med barnebarnet om ettermiddagen.

Eg har no vorte medlem av den kreative klassen som ifylgje Marx berre har lenkjene sine å mista. Du ser oss med PC overalt. Eg skriv for arbeidsgjevaren, firma eg er konsulent for, og ikkje minst set eg meg inn i ny teknologi for Dag og Tid. Denne artikkelen er skriven på Bybanen på telefonen mellom slaga. Eg har vorte ein digital nomade.

Den fyrste digitale nomaden sykla rundt på byrjinga på åttitalet, men det var ikkje før ein fekk trådlaust nett, berbare PC-ar og smarttelefonar at det tok av. Den typiske digitale nomaden dreg til eit varmt og hyggeleg lågkostland og kombinerer jobb og reiselyst. Sidan dei legg rett mykje pengar att i landa dei vitjar, har ei rekkje land visum som er tilpassa dei digitale nomadane.

Kvifor ikkje Noreg brukar høvet til å desentralisera statlege arbeidsplassar ved å tilby fjernjobbing, er ei gåte. Det ville sikra busetjing i distrikta, få ned trykket i Osloregionen og gjera staten mindre sårbar.

Er det farar ved å vera digital nomade? Ja, å verta utbrend er vanleg. Ein arbeidsgjevar kan utnytta at du alltid tilgjengeleg, og digitale nomadar vert ofte dårleg betalte. Dei har typisk usikre frilansjobbar og er medlemmer av det veksande «pariakatet». Som digital nomade mistar du også det sosiale og samkvemmet ein arbeidsplass gjev.

No starta jakta på høvelege plassar å arbeida. Eg er ofte i København og ser ungdom sitja på kafé og arbeida. Eg skrik til ein ungdom ved nabobordet om korleis han kan tenkja og arbeida i slik infernalsk støy. Han seier at han berre kuttar det ut. Ja, det hadde faktisk gått så langt at han treng kaféklirret for å jobba. Eg takkar for samtalen og skyl han ned med øl og akevitt.

Eg treng plassar med fred og ro. Kvar finn ein det? Overalt. I Københavns rådhus har dei ein flott arbeidsplass til meg med utsikt over byen. I Oslo er det berre å gå på biblioteket til Nobelinstituttet dersom du ynskjer fred og ro med breiband inkludert. Overalt der eg kjem i Europa, finst det bibliotek med Wi-Fi der alt er lagt til rette for at eg skal trivast. På hytta har eg eige kontor med gild utsikt, og heime har eg kontor med eige studio for digital produksjon. Oval helg har vorte norma for mange av oss.

Teknologi gjev oss fridom. Det er andre som gjer oss til slavar.

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg har no vorte medlem av den kreative klassen som ifylgje Marx berre har
lenkjene sine å mista.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis