Teknologi
Avløp
Under føtene mine syd det av bakteriar som driv med biologisk nedbryting. Sjå kor flott og reint lokalet er.
Foto: Per Thorvaldsen
Eg parkerer utanfor Flesland avløpsreinseanlegg, som ligg omtrent under Bergen lufthamn. Teikneseriefiguren Lucky Luke skyt raskare enn sin eigen skugge, eg bevegar meg fortare enn mi eiga avføring. Frå eg dreg i snora til bæsjen entrar reinseanlegget, tek det mange timar.
Dette fortel driftsleiar Thorleif Fjeld for Flesland avløpsreinseanlegg medan me går gjennom lange tunnelar inn mot sjølve anlegget. Lukta som han har vorte immun mot, stikk i nasen. Eg ser meg rundt. Dette er det reinaste industrianlegget eg nokon gong har vore i, og det kan behandla avløpet til om lag 150.000 personar.
– Me får vel følgja avløpsvatnets gang gjennom anlegget?
Thorleif peikar ned i renna der avløpsvatnet kjem inn.
– Kan eg drikka det?
– Vel, då vert du fort sjuk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.