Teknologi
Attende til naturen
Ingeborg Semb, som leier Biri Tapet, er altmoglegkvinne i bedrifta. Her blandar ho halmen for at tapetet skal få rett glød og fargenyansar. Alle foto: Per Thorvaldsen
Eg reiser no åleine gjennom tid og rom. Kona og eg snakka i trettifem år om å få Biri-tapet på veggene i stova. No er eg enkjemann og prøver å byggja eit nytt tilvære i Oslo. Eg høgg i bremsane. Til høgre reiser det seg ein skog med kvite parabolantenner. Dei største eg har sett i mi tid.
Det er Nittedal jordstasjon. Eg tek nokre bilete gjennom sprinklane og takkar Telenor for at dei har plassert dei der, langs ein aud landeveg. Eg veit kvifor, men det kan me snakka om ein annan gong.
I det eg passerer leitet, opnar Toten seg. Eg ser Einasjøen og eit gildt kulturlandskap. Når eg kjem til Biri, fylgjer eg ein smal veg oppover lia som etter kvart vert til grusveg.
Er eg på rett veg? Google Maps på den utandande mobilen seier at Biri Tapet AS ligg på gardstunet rett framfor meg. Eit glas vert opna, og ei kvinne vinkar blidt til meg.
Eg får kaffi og ser meg rundt. På veggen heng det rammer med falma avissider. Der kan eg lesa at det var Klara Schee, gardbrukar og brukskunstnar, som i 1938 fekk ideen til å laga tapet av halmen som elles berre vart kasta. Dette gav etter kvart arbeid til mange kvinner på gardane rundt om som på denne måten fekk ei kjærkomen biinntekt. Biri Tapet vart etter kvart ein stor suksess og smykka ut FN-bygningen i New York, Munchmuseet og andre praktbygg. No er det min tur til å få naturen inn i heimen.
Jammen har ikkje dronninga vore her òg. Eg har ikkje apanasje, men når kvinnfolk kjøper seg handveske til sekssifra summar, må eg kunna unna meg kunsthandverk på veggene. Eg finn fram måla for dei to veggene mine, og me diskuterer praktiske løysingar for å få tapetet som kjem i heile rullar, med høgd på to og ein halv meter, på veggen. Eg satsar truleg på dobbeltsidig tape, sidan eg skal gjera det sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.