Sport
Teknikk framfor kraft
John Isners serve er hardast i verda og målt til heile 253 km/t.
Foto: Cole Burston / AP / NTB
Eg har litt på kjensla at tennis er den nye surdeigen. Før kjende eg faktisk ingen som dreiv med sporten. Men i pandemien kom det ein blest frå Tåsen og unge Ruud i vest til oss på Bjølsen, nærare aust: No tek tennis av.
At sporten ser annleis ut no enn før, er det ingen tvil om. I ekte gamle dagar var det treracketar, flyttbare banar delte opp av tau og damespelarar med fotside kjolar.
Dei siste 50-åra har også spelestilen endra seg. Nana Rise-Lynum, tennismamma i noregstoppen, gjer meg merksam på eit bilete av Bjørn Borg der han står mellom Daniil Medvedev, Alexander Zverev og fleire av dagens stjerner. Borg på 180 cm ser ut som ein liten tass og er nesten eit hovud mindre enn dei andre.
Tennisspelarane har blitt høgare og sterkare, slik vi også ser i andre idrettar. Men at det er dei mest røslege som kjem lengst, er ikkje alltid eit gode.
For mykje kraft kan gå ut over teknikk og sjåarglede. Nana fortel at viss John Isner speler, gidd ho ikkje eingong skru på TV-en. Ho vil ikkje sjå på at Isner på 208 cm berre står og servar inn det eine serve-esset etter det andre. Det er keisam tennis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.