Team Trump er blitt reine Medan maktkamp fortærer Washington, sluker teknologien amerikanske arbeidsplassar.
Medan maktkamp fortærer Washington, sluker teknologien amerikanske arbeidsplassar.
Trass i det desperate strevet til majoritetsleiaren i Senatet, Mitch McConnell, kunne Senatet ikkje eingong samle seg om eit lovframlegg om å fjerne berre delar av Obamacare.
Foto: Aaron P. Bernstein / Reuters / NTB scanpix
Det var på denne tida i fjor det først gjekk opp for meg at det amerikanske presidentvalet var eit val mellom to akronym frå andre verdskrigen: snafu («situation normal, all f***** up» (situasjonen er normal, heilt forjævlig)) og fubar («f***** up beyond all recognition» (forjævlig over all forstand)). Når alt kom til alt, stod amerikanske veljarar framfor eit val mellom ein kandidat som personifiserte den politiske status quo under ein arrogant og isolert liberal elite, og ein kandidat som lova brot med status quo. Med Hillary Clinton var ein viss på at lite ville bli endra. Med Donald Trump var det sjanse for mange endringar, med fare for at dei ville vere til det verre. For tolv månader sidan demra det for meg at det kunne vere tilstrekkeleg mange veljarar som var viljuge til å røyste på Trump, fullt på det reine med at resultatet kunne bli fubar.
Sidan valsigeren til Trump har eg freista symje motstraums i høve til den liberale opinionsbølgja. Di meir kommentatorane har proklamert at tyranniet og republikkens endelykt var undervegs, di meir har eg freista hevde at Trump-administrasjonen høyrer trygt heime i tradisjonen til amerikansk populisme. Di meir journalistane har skrike «Watergate», di meir har eg freista syne at Trump ikkje er Richard Nixon. Med si dynastiske innstilling og sin tvilsame personlegdom har eg peika på at han minner meir om John F. Kennedy.
Målet mitt har ikkje vore å forsvare Trump, men heller å gjere sjølvmotseiingane til kritikarane tydelege. Denne veka er likevel tida komen for dei dårlege nyheitene til alle som røysta på Trump. De ville ha endringar. Det fekk de. Men resultatet er eit politisk system som eg no offisielt kan attestere som f***** up beyond all recognition. Dette er ikkje politikk. Dette er fubatikk.
For sju månader sidan kunngjorde speakeren i Representanthuset, Paul Ryan, «alle tiders sjanse» for republikanarane. Partiet hadde endeleg fått «samla regjeringsmakt», det vil seie kontroll over både Det kvite huset og Kongressen, og var budd på å gjennomføre eit program for nye lover som ville skape djuptgripande endringar: oppheve og erstatte Barack Obamas hata Affordable Care Act (Obamacare), omfattande skattereformer og fjerning av tyngjande reguleringar av økonomien.
Men trass i det desperate strevet til majoritetsleiaren i Senatet, Mitch McConnell, kunne Senatet førre torsdag ikkje eingong samle seg om eit lovframlegg om å fjerne berre delar av Obamacare. Same veka gav republikanarane opp all von om å få vedteke lovframlegget som ville gjere det mogleg å få til permanent reduksjon av selskaps- og inntektsskatt. Når det gjeld deregulering, var det òg veka då Steve Bannon, presidentens sjefstrateg, vart sitert på at han ønskte å regulere Google og Facebook til liks med andre offentlege gode.
Stopp ein hal. Akkurat no er Google og Facebook gratis. Derimot betaler eg hundrevis av dollar kvar månad til dei tenestene som forsyner heimen vår med gass, elektrisitet og vatn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.