Tapt landTrøndelag var eit av dei store nynorskområda i Noreg. Folk song på målet så dei skalv i røysta. Så kom nedturen på 1950-talet.
Trøndelag var eit av dei store nynorskområda i Noreg. Folk song på målet så dei skalv i røysta. Så kom nedturen på 1950-talet.
Kartet frå Trøndelag er henta frå atlaset til Norsk allkunnebok, Fonna forlag 1962. Allkunneleksikonet er ein av dei store dugnadene i nynorsk bokheim. Atlaset merkjer seg ut med flotte fargar på land og fylke.
I 2014 las eg ein liten notis i Adresseavisen om ei rådgjevande folkerøysting om målform i Jåren–Råbygda skulekrins i Skaun kommune. Dei endelege tala var små, men lagnadstunge: Røysteføre: 350. Gjevne røyster: 151. Resultat: Nynorsk: 62. Bokmål: 89.
Om kvelden 24. november 2014 vart såleis nynorsken røysta heilt ut av skulen i Trøndelag, 116 år etter at han vart røysta inn i Sparbu og Frol i 1898. På det meste, i 1946, nytta 63 prosent av elevane i Nord-Trøndelag nynorsk, og fylket var det tredje største nynorskfylket etter Sogn og Fjordane og Hordaland. I 1950 hadde 29 prosent av elevane i Sør-Trøndelag nynorsk. Etter at eg las notisen, har eg vore fascinert av framveksten av nynorsken i Trøndelag og den gløden som rådde blant dei som arbeidde han fram.
Per Egil Hegge har dei siste åra ofte vore innom Dag og Tid og henta avisa på fredagar. Då har han drege nokre setningar på trøndersk med dativformer – «Hain hi buidd sæks måna hen på Strauma, å så hi’n ailler verri på Rolshøgdn» – og vi har prata om nynorsken på Inderøy. Sjølv tok han artium på nynorsk ved landsgymnaset på Steinkjer i 1959.
Fleire gonger har eg sagt til han at eg må opp til Innherad og sjå om eg finn att restar av nynorsken. «Då må du vitja syster mi, Sigrun, ho veit det meste om denne historia.» No er eg altså på veg. Eg har lese meg opp, gjort avtalar med folk og blinka ut stader eg vil vitja.
Først stogg er Levanger festsal. Her vart Trønderlaget skipa tysdag 28. mars 1899. Eit viktig lag for Dag og Tid, for Trønderlaget er ein av dei store aksjonærane til avisa i dag. På møtet kunne ordbokmannen Hans Ross fortelja at Ivar Aasen hadde nytta lengre tid på trøndermålet enn på noko anna målføre utanfor heimbygda si.
Siktemålet med laget var eintydig. Det skulle gjera «landsmålet kjent og kjært og vekkja og styrkja sansen for bygdemålom». Og for ein suksess dei fekk. Med hjelp frå sysselmenn, kyrkjemesser, målferder, høvestalarar og kveldskular steig lokallag etter lokallag fram: Melhus, Skatval, Sparbu, Ogndal, Inderøya, Rennebu, Frol, Skogn, Verdal, Malvik, Snåsa, Bjugn og så bortetter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.