Kunnskap

Ta den ring og la den vandre

Ringorm er ein svært vanleg og smittsam sjukdom hos storfe.
Ringorm er ein svært vanleg og smittsam sjukdom hos storfe.
Publisert

Sopp som angrip huda, er vanleg hos både dyr og menneske over heile verda. Desse soppane høyrer til ei soppgruppe som blir kalla dermatofyttar. Du finn dei både i jord, på dyr og på menneske. Fleire kan smitte mellom ulike dyreartar og nokre frå dyr til menneske (zoonosar). Infeksjon med slike soppar gjev ofte sirkelforma område med hårtap og utslett, noko som har ført til det folkelege namnet ringorm.

Her i Noreg var det i 1970-åra vanleg med infeksjon av soppen Trichophyton verrucosum hos storfe. Vaksinering og aktiv kamp mot smittespreiing førte til at denne typen ringorm var nesten utrydda her i landet i 2010. No spreier sjukdommen seg på nytt, særleg i kjøttfebesetningar i Rogaland.

Smittsamt

Storfe kan bli smitta av andre artar av dermatofyttar frå både hest og katt, men i Noreg er det storfevarianten (T. verrucosum) som er vanlegare og meir smittsam, og det er ein meldepliktig sjukdom.

Symptoma er hårtap og dei karakteristiske ringforma utsletta med skorper og flassing. Soppen spreier seg som annan sopp, med sporar. Direktekontakt mellom dyr på fellesbeite og ved sal av livdyr er kjende smittevegar. Under gunstige forhold kan sporane òg overleve mange år i miljøet, spesielt i gamle fjøs med veggar og innreiing av tre.

Korleis infeksjonen med slike dermatofyttar går føre seg, er komplisert å forklare, men dei er det vi kallar keratinofile – eller med andre ord: Dei trivst best på hud og hår. Og soppen kan berre angripe hår, negler og intakt hud der han kan slå seg ned utan å komme i kontakt med immunforsvaret til verten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement